– Nord-Jæren er eit veldig spanande område for dei som er glad i spennande hus. Her finn vi alt frå klassiske hus i landlege området ved havet til moderne og spennande arkitektur, fortel programleiar Frode Søreide.
Oljen har gjort Nord-Jæren til eit område i stor vekst og i dag har Stavanger nokon av dei dyraste bustadprisane i landet.
- ALT OM: Boligmarkedet i Stavanger
– I gamle dagar var Stavanger ein ganske fattig by og det var vanleg å bygge små trehus. Det er faktisk ingen andre stader i Norge der så stor del av befolkning bur i eigne hus, seier Søreide.
Hytte på gamle oljerør
Deltakarane i programmet skal mellom annan besøke eit spennande hytteprosjekt som ligg på Ogna på Jæren. Her er det sett opp spenstige hytter står på gamle borerør frå oljeplattformer. I tillegg skal meklarane prøve tippe hus på ein eldre tomannsbustad i eit eksklusivt område like ved Eiganes og eit gamalt hus som har fått eit spenstig og moderne tilbygg.
Til og tippe pris i Rogland har programleiar Frode Søreide tatt med seg to lag med meklarar frå Oslo og Øvre Romerike. Frå Oslo og Boa Eiendomsmegling deltar Tommy Friestad og Tommy Stensrud. Dei skal konkurrere mot Kine Johansen Ruud og Kjetil Bergesen frå Home Eiendomsmegling på Jessheim.