Hopp til innhold

Sjå kvartfinalen mellom Klepp og Avaldsnes

Meisterligaklare Avaldsnes kjem til Jæren for å kjempa om semifinaleplass i cupen. Sjå oppgjeret mellom Avaldsnes og Klepp direkte her.

Rogalandsderby i kvartfinalen i NM for kvinner.

Laster innhold, vennligst vent..

I går blei det klart at Avaldsnes skal møta Barcelona i meisterligaen i oktober, men alt i dag skal karmøylaget spela ein vel så viktig kamp.

I kvartfinalen i cupen møter dei nemleg eit anna rogalandslag, Klepp.

– Me er veldig lystne på ein semifinalebillett, og eg trur òg spelargruppa er klare for å gi gass. Ein kamp her heime mot Arna-Bjørnar i semifinalen, det har me veldig lyst på, seier Avaldsnes-trenar, Per Inge Jacobsen.

Arna-Bjørnar er alt vidare til semifinalen, etter 5–1 sigeren over Grand Bodø onsdag. Vinnaren av dagens kamp skal spela semifinale på heimebane 30. september.

Trur på siger

– Eg har vore med på ein del cupfinalar, og det er heilt klart eit høgdepunkt i sesongen, og eg trur dei fleste er ganske gira på å koma seg vidare frå runden, seier Avaldsnes-spelar Elise Thorsnes.

– Kor stor er sjansen for å slå Klepp?

– Me har ikkje tapt så ofte for Klepp, så eg trur moglegheita er ganske stor.

Thorisdottir kan vera på veg til Chelsea

På Klepp møter Avaldsnes-damene mellom anna landslagsspelar Maria Thorisdottir. Den siste tida har det blitt spekulert mykje på om ho er på veg til England. Både Arsenal og Chelsea er blant laga som skal ha vist interesse for midtstopparen.

Ifølgje Jærbladet er det no mykje som tydar på at Thorisdottir vil signera med Chelsea i løpet av dei nærmaste dagane, laget som landslagskaptein Maren Mjelde alt spelar for.

Til Jærbladet seier klepptrenar Olli Harder at han ikkje vil snakka om Thorisdottir, og kva klubb ho kan enda opp i. Det einaste han vil seia er at ho er klar for å spela kvartfinale.

– Maria skal definitivt spela mot Avaldsnes, viss ho er frisk og rask, seier Harder til avisa.