Sauebonde dømd for dyremishandling

Ein sauebonde frå Dalane er dømd til vilkårsbunde fengsel etter at Mattilsynet fann 24 daude sauer på garden, skriv Dalane Tidende. I etterkant måtte også 11 andre dyr avlivast. Bonden blei i tillegg frådømd retten til å drive med sauer i fem år.