Hopp til innhold

Sandra søv saman med barna for å gjere dei trygge

Fleire foreldre enn før delar seng med spedbarn, viser ny rapport. Fagfolk er bekymra over utviklinga.

Samsoving

– Vi merka at dei trong den tryggleiken som samsoving gir. I tillegg er det praktisk, fordi eg nattammer, seier Sandra Rolund Antonsen.

Foto: Privat

– Vi kjøpte sprinkelseng, men har aldri brukt ho.

Sandra Rolund Antonsen frå Mjøndalen er mor til eit barn på 3 1/2 år og eitt på ni månader. Ho har teke eit medvite val om å sove saman med barna sine om natta.

Familien praktiserer samsoving og har gode erfaringar med det.

– Vi merka at barna trong tryggleik og nærleik. I tillegg er det praktisk, fordi eg nattammer, seier Rolund Antonsen.

Stadig fleire foreldre i Noreg vel å sove saman med spedbarnet sitt om natta. To av tre, viser ein ny norsk rapport.

Mange samsover farleg

– Vi er bekymra over at samsoving er så utbreidd, seier Silje Osberg, rettsmedisinar ved Oslo universitetssjukehus, som står bak rapporten på initiativ frå Landsforeningen for uventa barnedød (LUB).

Årsaka er at faren for høgrisikoåtferd dermed aukar.

Silje Osberg

Silje Osberg er rettsmedisinar ved Oslo universitetssjukehus og obduserer mange av dei barna som døyr uventa og plutseleg.

Foto: Privat

72 prosent av dei som sov saman med barn under seks månader rapporterte om samsoving på farleg vis.

– Dei hadde teke seg ein røyk, drukke alkohol eller sovna med barnet i ein stol eller på sofa, seier Osberg.

– Kva er faren?

– Samsoving i utrygge omgivnader aukar risikoen for krybbedød. I tillegg kan dei vaksne sin kropp eller dyne komme til å dekkje noko av ansiktet til babyen, og barnet kan bli kvelt, seier Osberg.

Dei siste ti åra har gjennomsnittleg ni spedbarn i Noreg døydd plutseleg og uventa under søvn, kvart år.

Tidlegare var dei fleste barna mellom to og seks månader gamle, og dei hadde vorte lagde på magen. No er dei fleste barna under to månader, og dei blir funne døde etter samsoving med ein eller begge foreldra.

– Det er heldigvis låge tal, men det er vondt å oppleve dødsfall blant spedbarn som truleg kunne ha vore unngått, meiner rettsmedisinaren, som obduserer mange av desse barna.

Vil den uplanlagte samsovinga til livs

Sidan 80-talet har talet på tilfelle av krybbedød vorte redusert med 90 prosent. Likevel forsvinn det ikkje heilt.

LUB har ikkje kunna slå seg til ro med at barnedødsfall framleis eksisterer.

– Eg er ikkje overraska. Vi veit at samsoving blir meir og meir vanleg, seier Trine Giving Kalstad i LUB, som åtvarar.

Fagsjef i Landsforeningen uventet barnedød, Trine Kalstad

Trine Grung Kalstad, fagsjef, LUB, seier at dei vil uplanlagt samsoving til livs.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg vil åtvare dersom ein ikkje kan følgje alle råd om tryggast mogleg samsoving. Det er særleg den uplanlagte samsovinga vi vil til livs, seier Giving Kalstad.

Derfor er ho oppteken av å nå ut endå breiare med råda for tryggleik.

– Vi risikerer å ikkje nå alle, og at det ikkje er nok medvit omkring farane ved samsoving, seier ho.

Samsoving er populært

Samsoving har vorte stadig meir populært i Noreg. Til samanlikning sov 40 prosent av barn i same seng som foreldra sine for 15 år sidan.

Noreg er òg i ei særstilling.

– Det er mykje meir samsoving her enn i andre industrialiserte land, seier Osberg.

På helsestasjonane merkar dei godt den store interessa for samsoving.

Ann Karin Swang, leier i Landsgruppe av helsesjukepleiarar i Norsk Sykepleierforbund, trur den store auken heng saman med dårleg samvit hos foreldre.

Ann Karin Swang, leder landsgruppen for helsesykepleiere i Norsk Sykepleierforbund

Ann Kristin Swang i Norsk Sykepleierforbund meiner foreldre kan gi nærleik og tryggleik på dagtid.

Foto: Kristin Henriksen

– Men ein treng ikkje å bruke natta til nærleik og kontakt. Det er betre med utkvilte foreldre, enn slitne, påpeikar ho.

– Nærleik og kontakt kan ein gi på dagtid. Unntaka er dersom barna til dømes er sjuke eller får tenner, meiner ho.

– Eit kjenslevart tema

For Rolund Antonsen er samsoving det mest naturlege. Ho avviser at det heng saman med dårleg samvit.

– Vi følgjer først og fremst behovet til barnet, seier ho.

Samtidig påpeikar ho at samsoving må skje under trygge forhold.

Både helsestasjonen og sjukehuset gav familien gode råd om trygg samsoving. I tillegg er ho med i ei Facebook-gruppe som deler råd og erfaringar.

– Men det er eit kjenslevart tema for mange, påpeikar ho.

Ho fortel at enkelte veljar å halde samsoving skjult på grunn av negative haldningar blant folk.

– Haldninga om at barn skal inn på eige rom, står veldig sterkt i Noreg, meiner ho.

Rolund Antonsen har sjølv fått merke negative tilbakemeldingar, som til dømes at barnet kan bli avhengig av deg eller skjemt bort.

Men på helsestasjonen har ho merka seg ei haldningsendring.

– Det er meir støtte å få no enn før, seier ho.

Råd om trygg samsoving

Landsforeningen uventa barnedød har utarbeidd brosjyren «Trygt sovemiljø for spedbarnet».

– Det beste er om barnet ligg i eiga seng ved sida av foreldra si, seier Giving Kalstad.

Men dersom ein likevel vil sove saman, er det viktig at senga er brei nok og har god plass til alle. I tillegg er det viktig med ein fast madrass, at spedbarnet søv på ryggen, ikkje er for varmt og ikkje er fødd for tidleg. Barnet skal ha eiga dyne.

– Så skal ein halde seg unna røyking, alkohol og andre medikament, poengterer Giving Kalstad.

Råd om forebygging av krybbedød ved samsoving

Landsforeningen uventa barnedød (LUB) har laga eit hefte med gode råd for sikker samsoving.

Foto: Støtteforeningen uventet barnedød