NRK Meny
Normal

Nå blir hestane henta ut

Tidleg tysdag ettermiddag, byrja Mattilsynet å henta ut hestane frå ein gard i Sirdal. Eigarane av hestane har vore i Mattilsynet sitt søkelys i 13 år, mistenkt for ikkje å ha gitt hestane godt nok stell.

Ein av hestane blir tatt inn i ei fraktevogn frå Mattilsynet

Ein av hestane blir tatt inn i ei fraktevogn frå Mattilsynet.,

Foto: Privat

Det er eit langt kapittel som fekk ein foreløpig slutt klokka 13, tysdag ettermiddag. I 13 år har Mattilsynet vore på inspeksjonar på garden i Sirdal. Tilsynet har gitt pålegg om betre stell, dei har meldt eigarane til politiet og nå hentar dei altså hestane ut med makt.

Ein av hestane på garden i Sirdal blir frakta vekk

Ein av hestane på garden i Sirdal blir frakta vekk.

Foto: Privat

– Eigarane fekk pålegg om aktivitetsnekt for 14 dagar sidan, opplyser avdelingssjef i Mattilsynet Sør-Rogaland, Odd Ivar Berget.

Aktivitetsnekt betyr at gardbrukarparet ikkje har lov verken å eige eller å stelle dyr frå og med i dag.

– Slik det ser ut så har dei ikkje avvikla dyrehaldet, og derfor er Mattilsynet nå på staden og sørger for å frakte dei om lag 40 hestane på garden vekk, seier Berget.

Hestane er det viktigaste

Dagen i dag, den 15. november, var fristen eigarparet hadde for å uttale seg om vedtaket om aktivitetsnekt, som Mattilsynet gjorde for 14 dagar sidan.

Avmagrede hester i Sirdal

Eit av bilda av avmagrede hestar i Sirdal, som fekk varselklokkene til å ringe hos Mattilsynet.

Foto: Tipser

Avdelingssjef Berget stadfestar at dei har mottatt ein klage på vedtaket sitt, men likevel hentar dei inn hestane nå, seier han.

– Me har vurdert det slik at omsynet tll dyra er viktigare enn å vente med å gjera noko til klaga er behandla. Derfor hentar me hestane i dag, og så tar me klagebehandlinga i etterkant, seier Berget.

Ønskjer ikkje å avlive hestane

Dei hestane som nå blir tatt vekk, blir frakta til ein mellombels oppstallingsplass. Der skal dei stå inntil Mattilsynet får ein endeleg oversikt over kven som formelt eig dei forskjellige hestane.

Mattilsynet fraktar vekk nokre av dei omlag 40 hestane på garden i Sirdal

Mattilsynet fraktar vekk nokre av dei om lag 40 hestane på garden i Sirdal.

Foto: Privat

– Dersom ikkje gardbrukarekteparet i Sirdal kan dokumentere at det er andre personar som eig nokre av dyra, blir dei enten avliva eller omplasserte til nye eigarar, seier Berget.