Hopp til innhold

Blir nekta ombordstiging: Problemet er på klagetoppen hos Handikapforbundet

Tor Harald Hansen ønskjer å vere med på det grøne skiftet, men har ikkje teke toget på fleire år.

Tor Harald Hansen

URETTFERDIG: Her står Hansen igjen på perrongen på Øksnavadporten når han ikkje får følgje toget vidare mot Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg fann plutseleg ut at det finst reglar som seier at ein ikkje får lov til å ta toget dersom køyretøyet er for stort eller for tungt, seier Tor Harald Hansen.

Han har ikkje teke toget på fleire år ettersom den elektriske scooteren hans er 40 centimeter for lang og ti kilo for tung.

Etter at han fekk slag, hamna han i rullestol i 2003. Sidan då har han jobba for å kunne gå igjen.

– Eg får ikkje reise kollektivt. Eg er difor avhengig av at kona mi kan køyre meg dersom eg skal nokon stad.

Folk er fortvilte

– Dette problemet er i klagetoppen til Handikapforbundet på samferdsel, seier nestleiar for Norges Handikapforbund, Magnhild Sørbotten.

Magnhild Sørbotten

HANDIKAPFORBUNDET: – Folk er fortvilt over at dei ikkje får reise kollektivt med rullestolane sine, seier Magnhild Sørbotten.

Foto: Ida C. Freng

Det kan bli krevjande for rullestolbrukarar å komme seg frå stad til stad.

– Ein må ta innover seg at folk i rullestol ønskjer å vere ein del av det vanlege samfunnet. Ingen har noko ønskje om å sitte heime eller berre bevege seg rundt i eit lite område, seier Sørbotten.

– Handlar om sikkerheit

Pressekontakt for Go-Ahead Nordic, Oda Berit Riska, fortel at dei internasjonale standardmåla på det medbringa køyretøyet er maks 120 x 70 centimeter, og det skal ikkje vege meir enn 250 kilo, inkludert personen som sit i køyretøyet.

– Alt som er større enn dette kan skape sikkerheitsproblem og at ein i ein ulukkessituasjon ikkje kjem seg ut av toget, seier Riska.

Oda Berit Riskaa

GO-AHEAD: – Reglane gjeld overalt og på alle slags tog, seier Oda Berit Riska.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg har lyst til å vere miljøbevisst slik som alle andre, men den moglegheita får eg ikkje, seier Hansen.

Ifølge Sørbotten er rullestolbrukarar, som mange andre, opptekne av å vere med på det grøne skiftet med å kunne reise mest mogleg kollektivt.

– På grunn av denne regelen må folk køyre meir bil enn det dei elles ville ha gjort. For mange er det ganske sårt å føle på at ein faktisk blir sett utanfor den moglegheita til å kunne reise grønast mogleg. Slik kan vi faktisk ikkje ha det, seier Sørbotten.

Toga må endrast

– At desse reglane gjer det vanskeleg for dei som sit i rullestol er noko vi har sympati for. Vi forstår at det kan vere veldig frustrerande for dei det gjeld, seier Riska.

Riska fortel at dersom det skal bli mogleg å sleppe dei med store køyretøy som el-køyretøy og el-rullestolar på toget, må måten toga blir laga på endrast.

– Eg tenkjer det må settast av større plass, ein må planlegge for alle passasjerar. Å ikkje kunne ha med seg «beina sine» på toget betyr at du faktisk ikkje kjem deg dit du skal, slik andre menneske har moglegheiter til, seier Sørbotten.

Tor Harald Hansen

TUNGVINT: Ettersom han ikkje får ta toget, er han avhengig av å bli køyrt av kona si når han skal på trening.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Å skaffe seg ein mindre rullestol høyrest ut som ei enkel løysing, men det er det nødvendigvis ikkje.

– Hjelpemiddelsentralen og lokale ergoterapeutar er avgjerande for kva slags stol ein får. Det er billegare med el-scooter enn vanlege elektriske rullestolar, og dette er eit argument rullestolbrukarar kan møtast med. Vanskeleg underlag, vinterføre og høge fortauskantar er som regel lettare å handtere med større elektriske rullestolar, seier Sørbotten.

Hansen er lei av alt pratet om at ein skal reise meir kollektivt, når det ikkje er lagt til rette for dei som sit i rullestol.

– Eg føler det er diskriminerande. Eg synest kollektivtransport skal gjelde for alle, ikkje berre for nokon, seier han.