Hopp til innhold

Roy Hegreberg vann sitt tredje Nordsjøritt

Med sørgjeband rundt armen sykla Roy Hegreberg inn til sin tredje Nordsjøritt-siger. – Det er gøy å vinna, men me jublar ikkje alt for mykje i dag, seier Hegreberg som var ven av mannen som omkom i løypa tidlegare på dagen.

Roy Hegreberg i spurten

Det blei ein knallhard spurt mellom Roy Hegreberg og Johan Fredrik Ziesler i Nordsjørittet 2011.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Roy Hegreberg

Roy Hegreberg og lagkammeratane hans merkerte dødsfallet i Nordsjørittet med eit svart sørgjeband rundt venstre arm.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Me tida 2:36:45 sette Roy Hegreberg, frå laget Sparebanken Vest- Ridley, ny rekord. Ingen har tidlegare sykla rittet like raskt.

– Utviklinga i løpet var heilt perfekt, laget hadde ein plan som funka. Likevel er nok det nok dei gode vêrforholda som skal ha æra for den gode tida, seier ein sliten Hegreberg etter å ha passert målstreken.

– Det er berre å gje gass

For i fjor køyrde han like hardt, men i sterk motvind på flate Jæren blei ikkje tida like god.

I tillegg til å setja ny rekord for Nordsjørittet var dette Hegreberg sin tredje siger:

– Eg sett dette rittet utroleg høgt, det er derfor særdeles kjekt å få ein tredje første plass. Det er viktig både for meg og for laget mitt, seier han.

Han forsikrar likevel om at han ikkje har tenkt å gje seg med tre sigrar:

– Nå er det berre å gje gass framover, seier han.

Sjå òg:

Publikum Nordsjørittet

Publikum naut det fine vêret og den harde innspurten frå sidelinja.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Trist beskjed før løpet

Alle lagkameratane til Roy Hegreberg sykla i dag med eit svart sørgjebandband rundt venstre arm. Dette var for å minnast ein mann som tidlegare på ritt-dagen omkom i løypa.

– Det var utruleg trist å få denne beskjeden før løpet. Eg kjenner godt både den omkomne og sonen hans. Det er gøy å vinna, men me jublar ikkje alt for mykje i dag, seier Hegreberg.

Ein annan som sykla med sørgjeband var Johan Fredrik Ziesler, lagkameraten til Hegreberg.

Han måtte gje tapt i kampen mot Hegreberg i innspurten:

– Det var eit fælt hardt løp. I slutten hadde eg krampe og Hegreberg var klart sterkare enn meg. Men å bli slått av ein lagkamerat er heilt greitt, seier Ziesler som fekk sluttida 2:36:49.

Kvinnene sin eliteklasse var det Lise Nøstvold som vann med tida 3:09:11, Nøstvold vann også eliteklassen for kvinner i fjor.

Sjå video av innspurten:

Video Ny rekord i Nordsjørittet

Ny rekord i Nordsjørittet