Det siste tida har det blitt meldt om mykje rømt oppdrettsfisk på Sør-Vestlandet, skriv Fiskeridirektoratet på sine heimesider.
I Ryfylke har det vore rømmingar hos ein eller fleire oppdrettsaktørar, utan at det er meldt til Fiskeridirektoratet og blitt iverksett gjenfangst.
Det starta med melding om rømt oppdrettsfisk i Suldalslågen i slutten av september. I midten av oktober kom det fleire meldingar om at det blei tatt ut rømt fisk i fleire elvar i Ryfylke.
Den seinare tid er det også fanga uvanleg mykje rømt laks i Etneelva og i Kvinnherad, ifølgje direktoratet.
– Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på det store innslaget av rømt fisk i Ryfylke og Sunnhordland. Situasjonen viser at enkeltaktørar i næringa opptrer miljømessig uforsvarleg, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Ho seier desse aktørane set omdømet til heile næringa på spel.
Den rømte fisken er i alle storleikar, og prøvane stadfestar at det er snakk om rømt fisk.