Hopp til innhold

Rettssaka utsett på ubestemt tid

I dag skulle rettssaka med Acta-grundar Fred A. Ingebrigtsen mot Handelsbanken byrja. Nå er partane samde om at dei heller vil prøva å koma fram til eit forlik.

Fred Ingebrigtsen

Acta-grunder Fred A. Ingebrigtsen valgte i fjor å gå til søksmål mot banken sin Handelsbanken.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Det er Acta-grundaren Fred A. Ingebrigtsen, selskapet hans Spring Holding og kona hans som har saksøkt Handelsbanken for dårleg rådgjeving. Samla har dei saksøkt banken for 424 millionar kroner.

Då rettssaka i dag skulle byrja bad forsvararen til Ingebrigtsen om ein halv time utsetjing. Etter dette blei det avgjort at rettssaka blir utsett på ubestemt tid, sidan partane skal gjera eit forsøk på å bli einege på eiga hand.

Behandlinga i retten blir tatt opp igjen dersom banken og Ingebrigtsen ikkje skulle bli einige.

Ingebrigtsen og kona meiner dei fekk dårleg rådgjeving av banken i tida etter han blei arrestert i innsidesaka for tre år sidan.

Denne skal ikkje opp i retten før neste år.

Flere nyheter fra Rogaland