– At delar av tobakksbransjen er så kyniske at dei vel å direkte marknadsføre mot barn og unge, viser kor lite etiske refleksjonar dei har i jakta på profitt, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
På TikTok og fleire andre sosiale plattformer som blir brukte av barn og unge under 18 år blir brukarane utsett for det Helsedirektoratet seier er reklame for e-sigarettar.
Fleire butikkutsal og nettbutikkar har oppretta kontoar kor dei deler bilete og videoar av produkta sine og fortel om kampanjar og rabattar. Til dømes «GIVEAWAY på vår Facebookside #dampeliv #vapelife».
Bileta er ikkje av nikotinhaldige produkt, men produkta kan bli brukte til å inhalere nikotin. Difor er det tobakksreklame, ifølgje Helsedirektoratet.
Mange unge brukarar
To tredelar av born mellom 9 og 18 år er på TikTok og Instagram, og heile 80 prosent er på Snapchat, ifølgje rapporten «Barn og medium 2020» frå Medietilsynet.
På TikTok deler brukarane korte videoar, som oftast med musikk eller dans. Det er ein av verdas mest populære appar, og er spesielt mykje brukt av dei under 18.
– Vanlegvis kommenterer ikkje Helsedirektoratet enkeltsaker i media, men eg synest dømet NRK viser fram rett og slett er for graverande, seier Linhave.
At mange av videoane og bileta er merka med 18-år aldersgrense, meiner Linhave ikkje er godt nok.
– Overhovudet ikkje. I utgangspunktet er det jo ikkje lov å marknadsføre på den måten. At ein i tillegg vel å gjere det på ein kanal med så mange unge brukarar, er rett og slett stygt og kynisk, torar Linhave.
Sletta kontoar
Kristiansand Damputstyr AS er ein av seljarane som har reklamert for e-sigarettar. Etter at NRK tok kontakt, har dei sletta to av kontoane sine – TikTok og Instagram.
– Vi har rekna desse kanalane som OK, då ein må følgje kanalen for å sjå kva vi driv med. Men vi har innsett at dette kan sjåast på som reklame, og har stengt vår Instagram og TikTok, skriv Ruth-Elin Vapequeen Bergum-Sveinall, dagleg leiar og eigar av Kristiansand Damputstyr AS, i ein e-post til NRK.
Kjeda blei starta i 2014. Fire år seinare var omsetjinga på godt over 30 millionar. No har dei elleve butikkar i Noreg. Bergum-Sveinall seier dei er nøye med å overhalde 18-årsgrensa i butikkane.
– Vi forstår reaksjonen frå Helsedirektoratet, men vi meiner ordvalet «kynisk» er feil. Vi ser at våre følgjarar er godt vaksne menneske, svarer Bergum-Sveinall.
Deira marknadsføring fekk òg kritikk i fjor – då grunna reklame på butikkfasadane.
Ikkje utbreidd blant ungdom
I USA er e-sigarettar meir vanleg blant unge enn i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Gjennomsnittsalderen blant dei norske «damparane» er 42 år.
Seniorforskar Karl Erik Lund er likevel klar på at marknadsføring på kanalar brukt av unge ikkje bør skje. Fokuset bør heller bli retta mot røykarar, til dømes ved innlegg i sigarettpakkar.
– Då vil bodskapen utelukkande gå til røykarar. Ikkje-røykarar blir ikkje eksponerte, seier han.
Lovleg i 2020
Sal av e-sigarettar med nikotin skal bli lov i løpet av året. Kristiansand Damputstyr AS trur den nye lova vil gjere det lettare for unge å få tak i nikotin, og seier at bransjen meiner dette er ei negativ utvikling.
Både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet seier ein foreløpig veit lite om kor skadeleg langtidseffektane av e-sigarettar er.