Hopp til innhold

Reagerer sterkt på fengselskutt

Ansvarleg for kriminalomsorg i justiskomiteen på Stortinget, Kari Henriksen (Ap), reagerer sterkt på dei varsla kutta i fengselsstellet i Rogaland og Agder-fylka.

Stavanger fengsel

Fagforeiningane i kriminalomsorga fryktar nedbemanning i Stavanger fengsel og dei andre fengsla i region sørvest.

Foto: Ole Andreas Bø

– Eg meiner justisministeren er i ferd med å starta ei rasering av kriminalomsorga i Norge, samtidig som det blir brukt mykje pengar på å senda fangar til Nederland. Dette er dårleg politikk og dårleg bruk av pengar, seier stortingsrepresentant Henriksen.

Det er fagforeiningane i kriminalomsorga som slår alarm om det dei fryktar blir ei altfor dårleg bemanning ved fengsla i region sørvest, som strekkjer seg frå Sandeid i nord til Arendal i sør.

Ved Stavanger fengsel kan nye kuttrundar betyr mindre tid til aktivitetar for fangane og fleire timar innelåst på cella.

– Me er redde for at me må nedbemanna. Det vil gå ut over jobben me er sett til å gjera, seier Bjarte Selland, lokalleiar i Kriminalomsorgens Yrkesforbund (KY) i Stavanger.

Fryktar for tryggleiken

Kari Henriksen

Ansvarleg for kriminalomsorg i justiskomiteen på Stortinget, Kari Henriksen (Ap).

Foto: NRK

Fagforeiningsleiaren fryktar spareplanane og meir innetid til slutt går ut over tryggleiken.

– I verste fall kan det føra til meir utagering. Ein del fangar har dårleg psyke frå før, som igjen blir forverra. Då kan me fort få uønskte hendingar. Faren blir større med liten bemanning i tillegg, seier Selland.

Direktør for Kriminalomsorgen region sørvest, Gudmund Idsø, forstår uroa til fagforeiningane, men avviser at folk må seiast opp eller permitterast. Innsparingane får likevel konsekvensar.

– Det kan bety at me må auka låsetida, altså at fangane i større grad bli innelåst på cellene. I tillegg kan me måtta stenga verkstadane i løpet av somrane og redusera aktiviteten.

Fryktar for rehabiliteringstilbodet

Bjarte Selland

Bjarte Selland, lokalleiar i Kriminalomsorgens Yrkesforbund (KY) i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø

Den største uroa til Kari Henriksen (Ap) er at dei innsette ikkje får rehabiliteringa dei treng med nye kuttrundar.

– Dermed kjem dei ut like kriminelle, eller meir kriminelle, enn dei var då dei blei dømde. Det er sterkt urovekkande at det er sett i gang ein prosess der det blir forventa kutt i kriminalomsorga, seier ho.

Stortingsrepresentant Iselin Nybø (V) seier politikarane må ta uroa til kriminalomsorga på alvor.

– Eg legg som politikar til grunn av tryggleiken er varetatt, både for dei tilsette og innsette. Samtidig er eg opptatt av at fangane skal ha eit godt tilbod mens dei er i fengsel. Det handlar om rehabilitering og kva samfunnsborgarar me ønsker når fangane slepp fri.

Ifølge direktør Gundmund Idsø går ikkje innsparingane ut over tryggleiken.

– Etter mi oppfatning klarer me å vareta tryggleiken, noko me også skal. Me dette er avhengig av eit godt samarbeid med fagforeiningane.

Fengsla må kutta kostnader.

ARKIV (09.07.2015): Fagforeiningane i kriminalomsorga fryktar nedbemanning i fengsla i region sørvest.

Flere nyheter fra Rogaland