Hopp til innhold

Reagerer på pelsdyr-avgjersle

Venstre-leiar i Rogaland, Kjartan Alexander Lunde, meiner Norges Pelsdyralslag si sertifiseringsordning er ubrukeleg. Dette kjem etter avgjersla om å ikkje ekskludera Jan Gjesdal frå alslaget.

Kjartan Lunde

REAGERER: Kjartan Alexander Lunde er leiar i Rogaland Venstre, og meiner pelsdyrbonde Jan Gjesdal burde blitt ekskludert frå Norges Pelsdyralslag då han blei meldt til politiet for vasskjøtsel av både pelsdyr og sauar.

Foto: Dyrebeskyttelsen og Nettverk for dyrs frihet/NRK

Onsdag kveld avgjorde Norges Pelsdyralslag at dei ikkje vil ekskludera pelsdyrbonden Jan Gjesdal etter han har blitt meld til politiet av Mattilsynet for vasskjøtsel av både pelsdyr og sauar.

Denne avgjersla har fått nestleiar for Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde, til å reagera kraftig.

– Avgjersla svekkjer på ny tilliten til bransjen, seier han til NRK.no.

– Sertifiseringsordning mistar truverd

I tillegg til politimeldinga frå Mattilsynet har Arbeidstilsynet avdekka uverdige buforhold for arbeidarar på garden til Gjesdal, som er Norges største pelsdyrbonde.

Lunde meiner at dette absolutt burde kvalifisera for ekskludering.

– Dette viser at sertifiseringsordninga som bransjen sjølv har fått i gang er ubrukeleg. Den mistar truverd når så grove overtramp, som er gjort på denne garden ikkje fører til utestenging, seier Lunde.

– Forsvarleg drift

Pelsdyralslaget meiner på si side at det er grunnlag for forsvarleg drift hos pelsdyrbonde Jan Gjesdal.

– Me forventar at alle våre medlemmer følgjer forskriftene. Det er slik det skal vera. Utover det har me nå innhenta rapportar og materiale som syner at det ikkje lenger er grunnlag for sanksjonar mot Gjesdal, sa representant frå Norges Pelsdyralslag Guri Vormedal, til NRK.no i går.

Ho meiner det er gjort eit godt arbeid for å sikra at gode rutinar er innført.

Vil avvikla næringa

Lunde er ikkje samd, og meiner at dette er eit påskot til å få avvikla næringa heilt.

– Pelsdyrnæringa har brukt denne sertifiseringsordninga som eit eksempel på at dei tar dyrevelferd på alvor. Men nå me tydeleg ser at det ikkje er riktig, er det på tide å få avvikla næringa, seier han.

Venstre vil avvikla statsstøtta til pelsoppdrett og forby næringa.

– Tida er overmoden for å forby pelsdyroppdrett. Senterpartiet og regjeringa har svikta dyra dei siste sju åra dei har styrt landbrukspolitikken, avsluttar Lunde.