Hopp til innhold

Randaberg tok kongepokalen

Randabergkvinnene klarte det dei aldri har klart før. Dei vann NM-finalen i tre strake sett mot Oslo Volleyball.

Randaberg vann NM-finalen i volleyball 2016 mot Oslo Volley

Randaberg vann NM-finalen i volleyball 2016 mot Oslo Volley.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Randaberg viste seg å vera det beste laget gjennom dei omlag 90 minuttane som finalen varte. I alle tre setta tok dei leiinga tidleg og heldt unna fram til slutten. Dette var ein kamp der spelarane følgde opp planen som blei lagt før start.

– Etter kvart blei det faktisk ein komfortabel siger, seier trenar til Randaberg, Jon Eirik Liseth.

Han var veldig glad for innsatsen til jentene i dag:

– Det er derfor me trenar så mykje og brukar så mykje tid på det. Selvfølgeleg har me mange gode spelarar, men ting kjem ikkje gratis, me må trena på det, seier Liseth.

Kaptein Arjola Prenga mottar kongepokalen av Randaberg-ordfører Kristine Enger

Kaptein Arjola Prenga mottar kongepokalen av Randaberg-ordfører Kristine Enger.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Best på banen

Det var mange som nemnde namnet Hanne Haugen Aas, då kampen var slutt og den beste spelaren på banen skulle kårast. Med unntak av eit par missar, sto ho fram som den beste poengplukkaren for Randaberg gjennom kampen. Ho var den spelaren som Oslo Volley frykta mest i finalen.

Hanne Haugen Aas frå Randaberg sto fram som ein av dei beste spelarane i finalen

Hanne Haugen Aas frå Randaberg sto fram som ein av dei beste spelarane i finalen.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Skal feire i kveld

I kveld er det først bankett og etterpå skal spelarane ut på byen. Marita Bjørnøy Dale på Randaberg følte seg sikker på siger då det tredje settet starta. Og nå ser ho fram til resten av sesongen.

– Me går for "the double" i år, med siger i serien også. Ingen tvil om det, seier Dahle i sigersrusen.

Jana Jaudzema frå Randaberg kjempar om ballen i volley-NM-finalen 2016

Jana Jaudzema frå Randaberg kjempar om ballen i volley-NM-finalen 2016.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Ho opplevde også god støtte frå tribunen. Heile tre bussar med fans frå Randaberg hadde reist den lange vegen til Oslo.

Til neste år er Randabergkvinnene kvalifiserte til europacup-spel, dersom klubben har økonomi til å delta.

Eit nytt lag

Randaberg har hatt eit herrelag i toppserien i svært mange år.

Kvinnelaget derimot er berre eitt år gammalt. I fjor tok dei over spelarane frå universitetslaget i Stavanger, etter at den satsinga blei lagt ned. I første forsøk klarte dei altså å vinne NM-finalen.

Idrettspresidenten på plass

Idrettspresident Tom Tvedt kjenner godt til volleyballsatsinga i Randaberg. Han var ordførar i kommunen i to periodar. I løpet av NM-finalen kom han med fleire tvitringar om kampen og avslutta med å gratulerer Randaberg med sigeren.