Hopp til innhold

– Det er god grunn til å vera uroleg for tunneltryggleiken

Professor i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger, Ove Njå, er ikkje overraska over Riksrevisjonen sin kritiske tunnelrapport. – Me må setja inn store krefter på tunneltryggleik, seier han.

Ove Njå

Ove Njå er professor i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger. I morgon skal dei arrangera seminar om tunneltryggleik.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Riksrevisjonen slår alarm om tryggleiken i 41 norske tunnelar i ein rapport som blei presentert i dag. Konklusjonen er at tryggleiken ikkje er god nok.

På Universitetet i Stavanger startar det i morgon opp eit seminar om nettopp tunneltryggleik, og ein av dei som skal vera med på dette er professor i samfunnstryggleik Ove Njå. Han stiller seg bak konklusjonen i rapporten.

– Det er god grunn til å vera uroleg. Det støttar eg fullt ut. Det er likevel viktig å få fram at det så langt ikkje har skjedd ulukker med drepne på grunn av røyk i norske tunnelar, seier Njå til NRK.

– Me veit ikkje kva me skal gjera

Han meiner ulukkespotensialet er spesielt stort i undersjøiske eitt-løps-tunnelar, som Byfjordtunnelen i Rogaland.

Nasjonal transportplan

Terje Moe Gustavsen er øvste sjef i Vegvesenet. Han meiner innføringa av DAB-nettet, som skal vera ferdig innan 2018, vil gjera tryggleiken i tunnelar betre.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Her kan ein brann få svært alvorlege konsekvensar. Kompetansen hos oss vanlege sjåførar er nok ikkje den beste når det kjem til denne type situasjonar. Me veit enkelt og greitt ikkje kva me skal gjera, seier han.

På same måte som om det brenn i huset ditt, så er det sjølvbergingsprinsippet som gjeld dersom det oppstår brann i tunnel.

– Du kan i svært liten grad rekna med å få hjelp av naudetatane. Du må vita kva du skal gjera i ei hending av denne typen. Det betyr at du tidleg må forstå kva som er i ferd med å skje, gjer du det så har du god sjanse til å snu og rømma frå situasjonen, seier Njå.

Viktig med tidleg informasjon

Han meiner derfor at det viktigaste punktet ein må jobba med er varsling av passasjerar.

– Me må spør oss korleis trafikantar tidleg kan bli varsla om ei ulukka. Der må me setja inn krefter, seier han.

Vegdirektør i Statens vegvesen, Terje Moe Gustavsen, meiner også at dette er eit viktig satsingsområde. Han seier at innføringa av DAB vil få mykje å sei i dette arbeidet.

– Då vil me ha ein større moglegheit til å bryta inn på radioen for å varsla og eventuelt gi instruksar. Me må også ha fokus på kampanjar for å gjera folk kjent me utstyret i tunnelane og bli meir bevisste på kva dei skal gjera dersom det skjer ei ulukke, seier Gustavsen.

Han meiner at det også vil vera viktig å få køyreskulane med på dette arbeidet.

Veit ikkje kvifor det har vore få øvingar

I rapporten kjem det også fram at Vegvesenet dei fire siste åra ikkje har hatt brannøvingar i 20 av dei 41 tunnelane som det blir slått alarm om.

– Kvifor har det ikkje vore fleire brannøvingar?

– Me gjennomfører mange brannøvingar, men kvifor det ikkje har blitt gjennomført dei fire siste åra på desse 20 tunnelane veit eg ikkje. Det er noko av det første eg vil finna utav. Det vil eg gjera saman med lokale brannstyresmakter, seier Gustavsen.

Flere nyheter fra Rogaland