Hopp til innhold

– Folk kvir seg for å køyre inn i tunnelen

AURLAND (NRK): Ein av heltane etter brannen i Gudvangatunnelen, Olav Hylland, seier enkelte har ei frykt for å køyre gjennom tunnelen. I dag la Riksrevisjonen fram ein rapport der dei har vurdert 41 tunnelar i åtte fylke som er spesielt risikoutsette.

Olav Hylland reddat folk ut fråGudvangatunnellen i fjor.

SJÅ VIDEO: Olav Hylland var med på å berge folk ut av den brennande Gudvangatunnelen i 2015.

Ni av desse tunnelar er i Sogn og Fjordane. – Tunneltryggleiken er ikkje god nok, er konklusjonen til Riksrevisjonen etter at dei har sett på tryggleiken for vegtunnelar rundt om i landet.

Den 11.428 meter lange Gudvangatunnelen i Aurland har hatt to alvorlege brannar sidan 2013. Olav Hylland var sjølv med å berge mange folk ut av den brennande tunnelen i 2015. Denne tunnelen er ikkje på lista då den er i ferd med å bli oppgradert etter brannane. Men Hylland trur ikkje tryggleiken er god nok i andre norske tunnelar.

– Det er for lite midlar til sikring av tunnelar og til øvingar og planar slik at det kan gjerast redningsoperasjonar.

– Er det stor frykt blant folk som skal køyre gjennom tunnelen?

– Eg høyrer at mange kvir seg, særleg forbipasserande og dei som ikkje har erfaring i å køyre gjennom tunnelar. Dei har ei frykt for å bli ståande fast i tunnelen.

– No blir denne tunnelen oppgradert utover hausten. Kor viktig er det?

– Det er gode nyheiter for oss som har sett korleis alt kollapsar når det er brann i ein tunnel. Folk her er opptekne av at tryggingsarbeidet går framover og at det skjer raskt.

Gudvangatunnelen

ALVORLEG BRANN: I fjor sommar blei Gudvangatunnelen i Sogn stengd i nesten veker etter ein brann i ein svensk buss med kinesiske turistar. Mange personar blei skadde i brannen.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Vil ha fortgang i arbeidet

Per-Kristian Foss

UROA: Riksrevisor Per-Kristian Foss seier krev fortgang i arbeidet med å trygge tunnelane.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Kvart år blir det i gjennomsnitt registrert 25 brannar, 15 tilløp til brann og 1300 uønskte køyretøystopp i norske tunnelar.

Riksrevisor Per-Kristian Foss krev at Statens vegvesen får fortgang i arbeidet med å trygge tunnelane.

– Konsekvensen er at det står dårleg til om det skulle skje ulukker i norske tunnelar. Vi har kome i gang, men veldig seint, seier Foss.

Norge fekk eit pålegg frå EU i 2004, men ikkje før i 2015 vart det løyvd pengar til utbetringsarbeidet.

– Men det er langt igjen. Det står særleg dårleg til i Midt- og Nord-Norge, men risikoanalysar manglar stort sett over det heile.

Foss seier det må gjerast eit meir systematisk arbeid for å kartlegge risiko at det må gjerast øvingar.

– Ingen tunnelar er like. Det må gjerast øvingar særleg med tanke på samarbeid mellom naudetatane, seier han.

– Stemmer overeins med eigne funn

Direktør Kjersti Kvalheim Dunham i veg- og transportavdelingen i Vegdirektoratet seier dei jobbar kontinuerleg med å betre tryggleiken i norske tunnelar.

– Vi er glade for Riksrevisjonen har peika på ein del punkt der vi kan bli betre. Rapporten stemmer overeins med det vi har sett i interne gjennomgangar og som vi ser vi må forbetre oss på.

Ho seier det er sett inn åtte milliardar ekstra på å utbetre 250 tunnelar på riksvegnettet.

– Vi har laga ein plan for korleis dei skal oppgraderast og denne jobben skal vere ferdig innan 2019.

Rapporten til Riksrevisjonen er no sendt til Stortinget der den behandlast i kontrollkomiteen. Deretter blir det samferdsledepartementet som skal følge opp tilrådingane.