Nettbrett, strøymetenester, Frost og Paw Patrol.
Er eigentleg barn opptekne av Barbie i 2023, eller er det nostalgiske foreldre som er grunnen til at Barbie framleis tar heilt av?
Lang kø utanfor Colosseum kino i Oslo på førpremieren av Barbie-filmen onsdag.
Foto: Tom Balgaard / NRKGamle verdiar
Carina Eide og dottera Linnea Eide Gulbrandsen (3) ser på gamle leiker på Norges barnemuseum i Stavanger.
Her står ei 60 år gammal Barbie-dokke på utstilling.
Konservator ved Norges barnemuseum i Stavanger, Mette Tveit.
Foto: Odin Omland / NRK– Då Barbie blei fødd i 1959, skulle ho vere biletet på ei vellykka vestleg kvinne, fortel ei engasjert Mette Tveit.
Ho er konservator ved museet.
– Hadde Barbie vore eit ekte menneske, hadde ho vege 50 kilo. Ein måtte ha teke bort organ for at ho skulle hatt så smal midje som ho har, og anklane hadde vore for små til å kunne gå på.
Ikkje det sunnaste førebiletet, kanskje?
60 år gammal Barbie-dokke på utstilling på Norges barnemuseum i Stavanger.
Foto: Odin Omland / NRKFor tre år gamle Linnea er ikkje Barbie ein framand skikkelse.
– Ho leikar litt med dei tre Barbie-dokkene ho har. Eg synest det er heilt greitt, og ho er såpass liten at eg ikkje trur ho samanliknar seg med dei, seier mor Carina Eide.
Sjølv leika ho med Barbie då ho var liten.
– Eg ser jo at det blir selt Barbie-dokker i leiketøybutikkane, så eg trur det framleis er populært.
Mor Carina Eide trur ikkje Linnea (3) samanliknar seg med Barbie-dokkene ho leikar med.
Foto: Odin Omland / NRKForventar Barbie-feber
Kjetil Seime Ingebrigtsen er butikksjef i Extra leiker på Forus.
Kjetil Seime Ingebrigtsen, butikksjef i Extra leiker.
Foto: Odin Omland / NRK– Vi sel bra av alt, og det blir selt fort ut. Barbie har halde seg populært og stabilt heile vegen, seier han.
Sjølv trur han at Barbie har blitt meir stuerein med åra.
– Den Barbie-dokka vi sel mest av hos oss er Barbie i rullestol. Dei har vore flinke på å endre seg frå det idealet som var før, og dei speglar samfunnet meir enn for nokre år sidan.
Ryan Gosling speler Ken og Margot Robbie speler Barbie i den etterlengta Barbie-filmen, som hadde premiere fredag.
Foto: Courtesy Warner Bros. PicturesKonservator Mette Tveit på museet i Stavanger trekker også fram store endringar i uttrykket til dokka.
– Ho har hatt over 180 yrke, hudfargen varierer og det finst Barbie med hijab, til dømes.
Ho trur Barbie-dokkene vil halde fram med å vere populære i lang tid framover.
– Eg tenkjer at når denne Barbie-filmen har komme, så får vi nok ein ny eksplosjon. Kanskje vi må finne fram fleire gamle Barbie-dokker til utstilling her etter kvart.
Ved Odeon-kinoane i Stavanger og Sandnes var det sett opp tolv framsyningar berre fredag. Nesten alle var utseld, og mellom 4500 og 5000 menneske har billett. Direktør Håvard Erga kallar det eit eventyr.
– Vi har ikkje hatt så mykje mas og støy rundt ein film som det vi har hatt no. Det kan eg ikkje hugse. Vi veit at det er ein stor film som treffer ei stor målgruppe og at den er etterlengta, seier han.