Hopp til innhold

– Det kostar nesten meir å sende julekorta enn å ta bileta

Alt blir dyrare. Men å sende brev har gått meir opp enn det meste anna. Sidan 2000 har det blitt meir enn 400 prosent dyrare å sende eit julekort.

Fra venstre Mikael, Marco, Denise og Signe Sportelli. Henriette Time fotograferer til julekort hos Studio Hjelm

Marco og Signe (til høgre) Sportelli sender julekorta til familien i Italia digitalt. I Noreg legg dei nokre få i postkassa. Dei har tatt bilete av barna Mikael og Denise i fleire år.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Får du nokon gong julekort? Då skal du vite at hen som har sendt korta, har betalt meir for det enn tidlegare.

I fjor kosta det 19 kroner å sende eit julekort.

I år kjem det til å koste 21 kroner.

Og i januar neste år (viss du av ein eller annan grunn får eit julekort som er sendt då):

23 kroner.

I 2000 kosta det 3,6 kroner å sende eit kort med B-post. 4 kroner med A-post.

Viss prisutviklinga hadde følgt same utvikling som konsumprisindeksen (KPI), viser Statistisk sentralbyrå (SSB) sin kalkulator at julekortet skulle kosta 6,25 kroner.

Prisauken for julekort er meir enn 400 prosent.

Posten har ikkje noko svar på kvifor prisen er såpass høg, bortsett frå at dei har utgifter til både materiell og mannskap.

– Det er framleis billegare å sende brev enn å kjøpe seg ein kopp kaffi på kafe, påpeiker Aleksander Hømanberg, presse- og kommunikasjonsrådgivar i Posten Bring.

Har tatt julekort-bilete i tolv år

I Stavanger er Veronica Høyland hos Studio Hjelm for å ta bileta til julekorta for 2023.

– Heldigvis har eg ikkje så stor familie, seier ho og ler.

Veronika Høyland under fotografering av julekort hos Studio Hjelm

Det er tolvte året familien til Veronika Høyland tar bilete til julekort. – Den eldste er 16 år, men eg er glad i bilete, seier ho.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Sjølv er ho frå Hamar, medan mannen er frå Odda. Dei sender nokre kort i posten, men passar på å pakke fleire saman med julegåvene.

– Det kostar nesten meir å sende korta enn å ta bileta, seier ho.

Marco Sportelli og kona Signe sender digitale julekort til familien i Italia.

– Vi sender kort til Signe sin familie og nokre vener, seier han, som har merka at portoen kostar.

Dei tar julekortbilete for åttande gong.

– Det er ein fin tradisjon. Vi vil gjerne halde fram, seier han.

Marco, Denise og Signe Sportelli hos Studio Hjelm for å ta bilder til julekort

Marco, Denise og Signe Sportelli. Fotografen Henriette Time har fleire kundar som kjem tilbake år etter år for å ta bilete til julekort.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fotografen trur tradisjon står sterkt hos folk.

– Sjølv legg eg merke til at eg får mindre julekort heime. Det er veldig koseleg, men eg skjønner ein må prioritere kostnadar, seier ho.

Bratt nedgang i brev og julekort

Det same som fotografen ser Posten.

– Eg skjønner at det å sende julekort er dyrare enn det var før. Men eg tenker det framleis er veldig hyggeleg å sende ein fysisk helsing i form av eit postkort opp mot jul, seier Hømanberg, som sjølv er blant dei som sender julekort kvart år.

I 2022 blei det sendt 346 millionar brev i Noreg. Det har gått ned 80 prosent sidan tusenårsskiftet. I 2019 sende vi om lag 6,4 millionar julekort.

Posten ventar berre 2,7 millionar julekort i år.

Julekort, Ringerike fengsel

Medan nokon tar familiebilete til julekort, lagar andre julekorta sjølve. Talet på julekort i posten er meir enn halvert sidan 2019.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

– Digitale kommunikasjonsmetodar har tatt over for brevposten i veldig stor grad. Tidlegare brukte ein brev for å informere frå det offentlege, og ein sende brev privat. I dag har sosiale medium og e-post tatt over, seier Hømannberg i Posten.

Samanliknar med kollektivtransport

Saman med broren har Kristian Aune registrert portotakstar og gitt ut fleire bøker om det. Han er opptatt av at det er andre kostnadar som har auka like mykje eller meir.

– Å sende eit brev kosta til dømes 10 øre rundt 1900. I dag kostar det 21 kroner. Men trikken kosta også kanskje 10 øre den gongen. I dag kostar han 40 kroner. Så det har ikkje auka så mykje som til dømes som kollektivtransport, seier han.

I 2001 selde Posten 228 millionar frimerke. I 2022 hadde talet falle til 15 millionar.

Aune er også med i frimerkeforeininga Bergens Filatelist-klub. Med sine 57 år er han ein av dei yngste.

Men kor lenge vi kjem til å ha frimerke, tør han ikkje spå.

– Eg vil tru at vi heilt sikkert har det om ti år. Om det går lenger, er avhengig av interessa og Posten, seier han.

Og kvifor er det vanleg å skrive «God jul og godt nyttår» på julekort? Jo, det kan vere fordi det fram til 1982 var billegare viss du ikkje skreiv meir enn fem ord.

Norges første julekort

Derfor var julekortene korte

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg