Hopp til innhold

Stenger sentrumsgater for bilar: – Inspirert av Oslo-politikarane

STAVANGER (NRK): Det er full splid om bilfrie planar i sentrum. Næringslivet spår butikkdød når politikarane stenger sentrale vegar. – Framtida er bilfri, seier utvalsleiar.

Vågen, Stavanger

BILFRITT-ÅR: Fleirtalspartia i Stavanger ønsker å stenge heile Vågen for trafikk i eitt år.

Foto: Erik Waage / NRK

Stavanger ser til Oslo, og vil stenge større delar av byen for privatbilar. I løpet av få år skal den bilfrie delen av sentrum auke med 75 prosent.

I tillegg vil det raudgrøne fleirtalet i oljebyen stenge Vågen i eitt år for å teste ut effekten.

– Det blir gjort store grep no. Byen får fleire gågater, fortel Rune Askeland (MDG), leiar i utval for miljø og utbygging.

Han er sterkt inspirert av dei raudgrøne i Oslo, med partifelle Lan Marie Berg i spissen.

Rune Askeland, MDG

MDG-topp Rune Askeland fnyser av kritikken frå Næringsforeningen, og kallar interesseorganisasjonen for konservativ.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er ingen tvil om at vi lèt oss inspirere av dei. Her køyrer vi på med eit grønt løp, på alle frontar. Og ikkje for at folk skal få eit verre, kjipare liv. Tvert imot. Vi gjer det for å skape eit trivelegare sentrum.

Trur butikkane vil li

Næringslivet fnyser av tiltaka. Dei fryktar butikkdød.

– Vi er skeptiske. Først og fremst fordi det er så mange tiltak samtidig. Moglegheita for å køyre privatbil til og i Stavanger sentrum vil bli sterkt avgrensa, seier Egil Hollund i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Egil Hollund, Næringsforeningen

Egil Hollund i Næringsforeningen fryktar for framtida til fleire av sentrumsbutikkane.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Handelsstanden roper no eit varsku og ber politikarane tenke seg om.

– Vi har aktørar i byen som har investert mykje dei seinare åra. Dette kan få store konsekvensar for dei.

Gruppeleiar for Frp i Stavanger, Leif Arne Moi Nilsen, meiner òg dette forslaget kveler handelen i Stavanger, og synest det er lite gjennomtenkt.

– Det skremmer meg at de skal stenge ned sentrumsgatene utan å undersøke kor mange som faktisk handlar i sentrum med bil.

Leif Arne Moi Nilsen

SENTRUM VIL DØY: Leif Arne Moi Nilsen (Frp) forstår ikkje korleis MDG kan stenge av så mange gater utan å undersøke kor mange som faktisk handlar med bil.

Foto: Anders Fehn / NRK

Han fryktar folk vil legge om vanane og dra til kjøpesentera utanfor sentrum i staden, spesielt de som skal handle mykje og tunge varer.

Frp er med på å stenge av Vågen for å skape meir liv der, men meiner vegane det er snakk om svarar til ein heil smørbrødliste, lang som et vondt år:

– Når du stenger ned alle tilkomstårene bortsett frå to, da drep du handelen. Sentrum kjem til å blø, og sentrum kjem til å døy, slår Nilsen fast.

Prioriterer kollektivtrafikk

I dei nye sentrumsplanane er det vedtatt at fem sentrale gater i sentrum skal gjerast bilfrie. I dag er 2,2, kilometer veg bilfri i oljebyen. No blir talet auka med rundt 1,5 kilometer.

Klubbgata, Stavanger

BLIR STENGT: Klubbgata i Stavanger er ei av gatene som blir stengde for vanlege bilistar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Hovudmålet med endringane er at vi ønsker at bussane skal komme betre fram enn dei gjer i dag. I tillegg gir endringane syklistar og fotgjengarar høgare prioritet, fortel kommunalplansjef i Stavanger, Ole Martin Lund.

MDG-Askeland slaktar næringslivets dommedagsprofetiar for sentrum.

– Eg opplever Næringsforeningen som relativ konservativ til tider. Framtida er ikkje bil i sentrum.

– Dette er grep som er nødvendige for å få ned biltrafikken, men samtidig aukar trivselen. Eg trur vi vil sjå dagar med meir folk og auka aktivitet i sentrum, legg han til.