NRK Meny
Normal

– Har fått inn ein del tips

Politiet har fått fleire telefonar frå privatpersonar og bedrifter etter meldinga om ein mogleg terroraksjon kom i går. Nokon av tipsa skal sjekkast opp.

Terrorberedskap på Helganes

Politiet er synleg på plass på Haugesund lufthamn Karmøy.

Foto: Kjell Bua

I Rogaland har politiet synleg styrka sin representasjon på Stavanger lufthamn Sola, Haugesund lufthamn Karmøy, Risavika hamn og Gladmatfestivalen i Stavanger etter meldinga om ein mogleg terroraksjon kom i går.

Politiet oppmoda samstundes folk om å vera årevakne. Dette har ført til at det har kome inn tips til politiet.

– Politiet har fått inn ein del tips som blir følgt opp. Me vil framleis ha informasjon frå publikum viss dei ser eller høyrer noko som kan vera av interesse for politiet. Dei når oss på 02800, seier stabssjef i Rogaland politidistrikt, Egil Eriksen.

Også i Haugaland og Sunnhordland har politiet fått inn tips.

– Me har fått inn nokre tips, men ingen alvorlege som me har lagt vekt på, som eg kjenner til, seier fungerande stabssjef i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Knut Lyngholm.

Han legg til at dei framleis held trykket oppe med å bemanna også andre stader i området.

Urolege folk har ringt

Etter pressekonferansen ringde også fleire urolege folk inn til politiet. Men også bedrifter som lurde på om dei kunne vera eit terrormål.

– Etter pressekonferansen blei vist på TV var det mange som ringde oss og var urolege. Stort sett ville dei ha råd om ferieutreise, flyturar og om deltaking på Gladmatfestivalen i Stavanger, seier stabssjef i Rogaland politidistrikt, Egil Eriksen.

– Dette gav seg heldigvis utover ettermiddagen, så det ser ut som om folk er rolegare nå, legg han til.

– Veit du om det har prega med Gladmaten?

– Eg har ikkje fått melding om at dette har prega Gladmaten, og eg trur det var ein suksess. Det skal det vera i dag også, og forhåpentlegvis i morgon, seier Eriksen.

Jobbar med å bemanne helga

Hovudfokuset hans nå er å få til bemanning i helga.

– Me skal han ha planleggingsmøte i føremiddag. I 13-tida har me eit oppsummeringsmøte der me går gjennom tiltak og ser om det er tilstrekkeleg med tanke på det som er sett opp til helga, seier han.