Hopp til innhold

Politiet frigir namnet på 13-åringen som blei funnen død i natt

Namnet er frigjeve i samråd med pårørande.

Etterforskere på Varhaug

Etterforskarar frå Kripos og Sør-Vest politidistrikt ved åstaden mandag. Det er satt opp eit telt på stedet der 13-åringen blei funnen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det var tretten år gamle Sunniva Ødegård, frå Hå kommune på Jæren, som måndag morgon blei funnen død.

Tenåringsjenta blei funnen i Møllevegen, som ligg mellom eit turområde og bustadområde i utkanten av Varhaug sentrum i Hå kommune. Området er nær heimen til jenta.

Sunniva Ødegård

Sunniva Ødegård (13) ble funnet død natt til mandag på Jæren.

13-åringen vil bli obdusert tirsdag.

Funn på staden gjorde at politiet betraktar dødsfallet som mistenkeleg. Seinare stadfesta politiet til NRK at det var sett i gang full drapsetterforsking.

Fungerande ordførar i Hå kommune, Mons Skrettingland, fortel at dei gjer alt som står i deira makt for å hjelpe familien.

Familien i sjokk

Allereie i natt reise kommunen sitt kriseteam til familien. Bistandsadvokat Harald Øglænd, møtte familien mandag.

– Eg har møtt familien i dag, i forbindelse med at dei skulle inn og gje forklaring til politiet. Det er rett å seia at dei er i sjokk etter det som har skjedd med dattera. Ikkje minst på grunn av dei brutale omstendigheitene, det å gå og leita og finne dattera drepen, sier Øglænd til NRK.

Likbil henter Sunniva Ødegård (13)

Mandag kveld var begravelsesbilen på plass på Varhaug. Politiet bekrefter at det var 13-åringen som ble hentet.

Foto: Ola Solheim / NRK

Familie og venner var ute og leita etter jenta natt til mandag. Den som fann 13-åringen, kjente ho frå før.

Arrangerer minnestund

Fungerande rådmann i Hå kommune, Vigdis Monsen Austdal, informerer om at det vil bli samling og open kyrkje klokka sju i kveld på Varhaug.

– Her vil det komme representantar frå kriseteamet, kyrkja og politiet.

13-åringen funnet i Rogaland

Ho oppfordrar folk til å ta vare på kvarandre i denne tunge tida.

– Følg med på nyheiter og prøv og hjelp politiet med tips så godt som ein kan.

– Om folk er uroa og har spørsmål, kor kan dei ta kontakt?

– Dei kan kontakte meg eller servicetorget, så blir dette formidla vidare.

Kripos hjelper til i etterforskinga

Sør-Vest politidistrikt har bede Kripos om hjelp i den vidare etterforskinga.

Varhaug

Krimteknikarar frå Kripos har komme til staden der 13-åringen blei funne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kommunikasjonssjef Ida Dahl Nilssen stadfesta til NRK i morgontimane at dei sende fleire etterforskarar til Jæren.

Desse skal no vera på staden og er starta på det tekniske og taktiske arbeidet.

Ønsker tips frå publikum

Politiet ønsker tips frå publikum som kan ha sett eller høyrt noko i løpet av natta. Det er oppretta ein tipstelefon med nummer 51899427.

– Vi har fått inn nokon tips allereie, men me er interesserte i tips frå publikum, fortel Paulsen.

Dei ønsker observasjonar som er gjort i tidsrommet 23.00 søndag kveld til 03.00 natt til måndag.