Hopp til innhold

Åtvarar mot ny Snapchat-trend: – Ein slags offentleg gapestokk

Unge heng kvarandre ut med å legge ut seksuelle handlingar, slåstkampar og rusmisbruk på lukka «expose»-kontoar på Snapchat. Politiet ber om hjelp til å stoppa desse kontoane.

«Exposing» er en ny trend på Snapchat, ifølge Sør-Vest politidistrikt

På ein av «exposed»-kontane på Snapchat skriv dei «Legger ut nudes (nakenbilde) og slåstkampar».

Foto: Skjermdump / Sør-Vest politidistrikt

Fleire lukka Snapchat-kontoar har spreidd seg i ungdomsmiljø rundt om i landet.

Der blir det delt bilde og videoar av valdshendingar, rusmisbruk og lettkledde- og nakenbilde av barn og unge.

Mange er mellom 13 og 16 år.

Formålet er få merksemd med å «expose», eller avsløra, personar, ifølgje politiet.

– Dei skal blant anna avsløre jenter dei meiner er «lause» eller «lette på tråden», seier politiførstebetjent i Sør-Vest politidistrikt, Roald André Møskeland.

Tips til politiets nettpatrulje om «exposing» på Snapchat

Politiets nettpatrulje Sør-Vest har fått fleire tips om at det deles bilde og videoar med seksualisert innhald av barn, samt grov vald på disse lukka Snapchat-kontoane.

Foto: Skjermdump / Sør-Vest politidistrikt

Han skildrar kontoane som er ein slags offentleg gapestokk.

– Barn og unge heng ut andre barn og unge.

Må sende bilde for å få sjå

Snapchat-kontoane har namn som inneheld «exposed», og ofte eit stadnamn.

I Rogaland er det kontoar for blant anna Haugesund, Stavanger og Sandnes. Eksempel på nedlagde kontoar er «hgsdexposed2021», «stvg_expose» eller «sandnes_expose», ifølgje politiet.

For å få tilgang til desse kontoane må ein ofte dele eit bilde eller ein video.

«Exposing» er en ny trend på Snapchat, ifølge Sør-Vest politidistrikt

For å få tilgang til kontoane må ein ofte sende inn eit bilde eller ein video.

Foto: Skjermdump / Sør-Vest politidistrikt

– Du må betale ein pris for å få lov til å følgje kontoen. Slik er det mange som er med på å bygge kontoane opp, seier politiførstebetjenten.

Trenden har vakse i stor fart

«Exposing» starta som ein trend på Austlandet. Møskeland seier at det dukka opp «over natta» i Rogaland.

– Det kom veldig plutseleg i midten av juni, og det har spreidd seg fort og blitt til mange brukarar.

Den siste månaden har det komme over 20 slike kontoar knytt til Sør-Vest politidistrikt. Mange er blitt stengd ned.

– Med ei gong ein konto blir rapportert og stengt ned av Snapchat, dukkar det opp ein ny med eit anna namn.

Derfor ber politiet om hjelp til å stoppe desse kontoane. Dei oppfordrar folk som ser ein slik konto, til å melde ifrå til politiet og å rapportera dei til Snapchat.

– Me er bekymra for at det kan bli enda større spreiing nå i sommarferien når barn og unge har meir fritid.

Flere nyheter fra Rogaland