Hopp til innhold

Full fyr i låve i Haugesund – politiet trur brannen var påsett

Brannvesenet frykta at låvebrannen skulle spreie seg til eit byggefelt i nærleiken. Foreløpig er ingen tatt for brannen.

Ruinane etter låvebrann i Haugesund

Ruinane etter låvebrann i Haugesund fredag morgon.

Foto: Simon Elias Bogen

– Det var ikkje påkopla straum til låven, og den var heller ikkje i bruk. Derfor mistenker politiet at brannen kan vera påsett, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt, Dag Steinkopf.

Klokka 03.25 natt til fredag fekk naudetatane melding om at det brann i ein låve på Raglamyr, sentralt i Haugesund.

Politiet skriv i ein pressemelding fredag formiddag at dei held alle moglegheiter opne med tanke på årsak.

– Vi er interesserte i vitne som har vore i området der loven har brent frå midnatt og fram til klokka 03.30, seier politifagleg etterforskningsleiar Øyvind Tveit ved felles straffesaksinntak (FSI) i Sør-Vest politidistrikt.

Låven stod berre 30 meter frå eit byggefelt, bak Amanda Storsenter.

Brann i låve i Haugesund

Slik så det ut på staden fredag morgon.

Foto: Simon Elias Borgen / NRK

– Det bles kuling i kasta. Gnistregnet gjorde at det var fare for spreiing av brannen til byggefeltet, seier innsatsleiar i Haugesund brannvesen, Torgrim Jørgensen.

Per nå er ingen sikta eller mistenkt i saka.

Øyvind Tveit i FSI seier dei undersøker brannen.

– Vi er interesserte i å finne ut kva som har skjedd, og kva som starta denne brannen.

– Mistenker dykk at den har blitt påsett?

– Vi held alle moglegheiter opne. Det er ein av moglegheitene, men per nå kan vi ikkje si noko meir om kva som er årsaka.

Skadeleg asbest-røyk

Dette gjorde at brannvesenet kalla ut alt mannskap i nærleiken.

– Me trykte på den store knappen. Me tok ut mannskap frå to brannstasjonar. I tillegg kalla me inn mannskap som hadde fri, seier Jørgensen.

Brann låve Raglamyr Haugesund

Brannvesenet tok ut mannskap frå to brannstasjonar.

Foto: Jostein Viestad

Det var også asbestplater på bygget som gjorde at brannvesenet frykta at røyken frå brannen kunne vera skadeleg for naboane i byggefeltet.

– Den faren er ikkje lengre til stades, opplyser innsatsleiar Jørgensen, rett over klokka 05 fredag morgon.

Brann i låve Haugesund

Det er fare for at bygget kan rase etter brannen.

Foto: Simon Elias Bogen

Vakthald på brannstaden

Då har delar av låven brent ned og brannvesenet har kontroll. Dei kjem likevel til å ha vakthald på staden ei god stund framover.

– Brannvesenet har også vore inne i delar av låven utan å finne verken dyr eller folk, seier Jørgensen.

Det er fare for at bygget kan rase, så brannvesenet kan ikkje ta seg inn i heile bygget.