Hopp til innhold

Treng brakker på overfylt skule

Politikarane i Eigersund tok ikkje høgd for folkeveksten i kommunen under skuleplanlegginga. Nå treng dei ei akutt løysing på plassmangelen på Husabø skule.

Husabø skole

Det er trongt i gangane på Husabø skule i Eigersund. Dei 392 elevane som går her er meir enn det er plass til ifølgje rektor, Svein Ivar Midbrød.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Husabø skule

Husabø skule er den største i Eigersund kommune.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Husabø skule i Egersund er så full at dei har pakka ned datamaskiner, og stengt datarom for å få plass til alle elevane.

Ifølgje Utdanningsforbundet har dei varsla skulepolitikarane i Eigersund i fleire år om plasskrisa, som nå rammar skulen.

– Dei har ikkje tatt dei signala me har gidd, derfor er dette på mange måtar ein varsla katastrofe, seier tidlegare hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Bjarne Slettebak.

Konsekvensen er at det blir for mange elevar i kvart klasserom og mangel på grupperom, har rektor på skulen, Svein Ivar Midbrød, tidlegare fortalt NRK.

Kjem med forslag

– Skulane i Eigersund er sprengdet, men politikarane har ikkje tatt problemet på alvor, seier Slettebak.

Han har vore hovudtillitsvald i 20 år, og gjekk nyleg av med pensjon. Han får støtte av FAU leiaren på Helleland skule, Johan Egeland. Han går endå lenger i sin kritikk av skulepolitikken i Eigersund.

– Me er i tvil om dei er dumme, eller om dei spelar dumme. Sjølv meiner dei vel at dei er lure eller uheldige, men det er lita styring på dette, seier Egeland.

Kritikken har nå likevel fått skulepolitikarane til å vakna.

Arbeiderpartiet er først ute med eit forslag til mellombels løysing.

Meir om tilstanden i den norske skulen

Frank Emil Moen

Frank Emil Moen (Ap), meiner at Husabø bør få inn brakker som ei mellombels løysing på plassmangelen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Vil ha brakker

– Me har ikkje hatt tid til å diskutera så mykje med administrasjonen eller oss politikarar imellom. Likevel er det vel klart at me må gjera eit grep på Husabø skule slik at det blir betre plass her, seier skulepolitisk talsmann i Ap, Frank Emil Moen.

Han føreslår ei brakkeløysing som eit strakstiltak.

– Nå har me eit akutt problem, som me tydelegvis ikkje har tatt høgde for, då må me ha ei rask løysing. Heldigvis har brakkene blitt ganske fine og ein kan få gode klasserom, men dette skal ikkje vera ei permanent løysing, seier han.

Han meiner det på lengre sikt vil bli gjort grep på skulen, slik at den allereie til neste år har plass til fleire elevar.

Nøgd med teikn til handlekraft

Skulen har tidlegare ytra ønskje om brakker til skulen for å hanskast med plassmangelen på kort sikt.

– Me er derfor glade for at dette nå ser ut til å skje, men det må ikkje bli ei permanent løysing, seier rektor på skulen, Svein Ivar Midbrød.

Han legg til at det neste spørsmålet blir kor dei skal finna plass til brakkene i skulegarden.

– Det finst ikkje ei opplagt plassering, og dette vil nå ta av uteområdet til elevane. Men det viktigaste er å gjera noko med mangelen på klasserom, presiserer rektoren.