Midt i åpningstida for Bruelandssenteret i Sandnes slo dei usedvanleg frekke tjuvane til. Automaten som dei åpna stod i vindfanget der alle kundane går forbi. Likevel gjekk tjuvane laus på den tjukke stål-slåen som skal sikre pengane. For å klare det brukte dei truleg ein vinkelslipar.
Pensjonist greip inn
Tjuvane hadde tenkt å jobbe uforstyrra og hadde snudd unna overvakingskamera. Då hadde dei ikkje rekna med ein observant pensjonist, nemleg Arnodd Bjånes.
Tidligere er automater blitt brutt opp nattestid. Foto: Bjørn Olav Skjæveland, NRK.
- Eg tok tak i han eine og prøvde å halda han fast. Men han klarte å vri seg unna. Eg angrar på at eg ikkje ropte på nokre av kameratane mine i caféen, dei kunne ha hjelpt meg med å få ta på dei, fortel Bjånes.
Senteret og kafèen er populært blant mange pensjonistar og sjølv så tidleg som halv ti på formiddagen var det fleire kundar på plass.
Bjånes fortel at han fekk ringt etter vaktmeisteren på Bruelandssenteret, som kom ned for å hjelpe. Men då hadde tjuvane kome seg inn i ein bil, og var på veg vekk.
- Vaktmeisteren fekk iallefall sett kva bil dei køyrde i, seier Bjånes.
Utruleg frekt
Økonomisjef Knut Eide ved senteret har opplevd mykje, men dette er det frekkaste han har vore med på. Tidlegare er det stole automatar i åpningstida, men tjuvane har aldri før våga å gå laus og bryte opp automatane med grovt verktøy medan det er fullt av folk i butikken.
Tjuvane kom seg truleg unna med 6000 kroner i mynt. Sålangt er ingen tatt.
- Ein gjer seg jo nokre tankar om kva folk eigentleg går rundt og pønskar på, seier Eide ettertenksamt.