Hopp til innhold

Over 50 i karantene – to barnehagar råka av koronasmitte

KARMØY (NRK): Det store koronautbrotet skjedde i eit avgrensa miljø på Karmøy. No er fleire barn sette i karantene.

Barnehage Karmøy

Ved Espira Tjøsvoll har dei hatt barna i smågrupper. Dermed hadde dei god kontroll på kva barn som hadde vore i kontakt med kvarandre. Frå venstre barnehagelærar Geir Kallevik, Simon Nes, Adelen Mørk Offerdahl og Alva Olivia Fiksdal-Halvorsen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Av omsyn til personvernet ønsker vi ikkje å gå ut med informasjon om kven dette gjeld. Vi har fått oversikt over alle nærkontaktar. Dei har vi teke direkte kontakt med, og sett i karantene, seier kommuneoverlege i Karmøy, Katrine Marie Haga Nesse.

Søndag vart det kjent at fleire barn var smitta av koronavirus i Karmøy. Utbrotet blei oppdaga i to ulike barnehagar, Kirketunet barnehage og Espira Tjøsvoll.

– Vi er glade for at vi testa breitt. Førebels har alle dei milde symptoma, og det er ingen teikn til alvorlege forløp, seier legen.

 Katrine Marie Haga Nesse, kommuneoverlege.

Katrine Marie Haga Nesse, kommuneoverlege i Karmøy.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Onsdag i førre veke testa ein ung vaksen positivt for koronaviruset. Smittesporinga viste at vedkommande tilhøyrer eit avgrensa miljø med tett intern kontakt.

Fredag formiddag blei det gjort nye testar, og koronasmitte blei påvist hos 22 andre personar i same miljø.

Tre har testa negativt, men kommunen jobbar som om 26 personer er smitta.

– Me tenker at prøvane kan være falskt negative, seier legen.

Bekymra foreldre

Dei siste dagane har det vore hyppig kontakt mellom kommunelegen og dei to barnehagane der koronasmitte er påvist.

Espira Tjøsvoll

Espira Tjøsvoll i Karmøy.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Ved Espira Tjøsvoll er no ni av dei tilsette og 22 av barna i karantene. Styrer Astrid Thorbjørnsen har sete i telefonen til langt på kveld for å roe bekymra foreldre.

– Og det forstår eg veldig godt. Eg prøver å ta meg tid til å snakke med alle og sende meldingar, seier ho.

Fleire foreldre valde å ikkje sende barna i barnehagen måndag. Styraren seier barnehagen tar alle forholdsreglar dei kan, men ho skjønner at enkelte likevel vel å halde barna heime.

– Alle skal få lov til å ta det valet. Vi er flinke til å halde oss i grupper, og vi spritar og vaskar heile tida. Eg trur absolutt det er trygt å komme i barnehagen, legg ho til.

Trur meir testing vil avdekke fleire utbrot

Då det blei klart at barn skulle tilbake til barnehage og småskule, var det fleire fleire foreldre som uttrykte bekymring.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Bjørn Andersen

Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Karmøy, Bjørn Andersen

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det er nok fleire som har blitt bekymra etter det som skjedde i helga. Vi prøver å roe, og forsikrar om at vi gjer alt vi kan for å hindre smittespreiing, seier kommunalsjef for oppvekst i Karmøy, Bjørn Andersen.

I tida framover vil det vere moglegheiter for å teste fleire. Då trur kommunelegen i Karmøy at fleire smitteutbrot som dette, blir oppdaga.

Kirketunet barnehage

Kirketunet barnehage.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det er heilt naturleg, og det må befolkninga vere førebudd på. Når vi etter kvart testar fleire, vil vi finne fleire smitta. Det er bra, for då kan vi få kontroll på smitta, og setje fleire i karantene, seier Nesse.

– Det er viktig at folk følgjer råda frå nasjonale helsestyresmakter, men vi må nok likevel rekne med at det er nokon som blir smitta i tida framover, seier Andersen.