Hopp til innhold

Ordførar (23) angrar ikkje på lønnskutt på ein kvart million

SOKNDAL (NRK): Tidenes yngste ordførar i landet meiner han framleis tener godt, trass stort lønnskutt. Nå vil han at fleire kommunar satsar ungt i ordførarstolen.

Jonas Andersen Sayed

EITT ÅR I ORDFØRARSTOLEN: Jonas Anders Sayed har lagt bak seg sitt første år som tidenes yngste ordførar i landet, i heimkommunen Sokndal.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Er du god nok, er du gammal nok, seier ordførar Jonas Andersen Sayed (KrF).

Han var berre 21 år gammal då det etter kommunevalet i fjor blei klart at han skulle bli den neste ordføraren i Sokndal, den sørlegaste kommunen i Rogaland.

Då han formelt overtok ordførarkjedet i heimkommunen, hadde han akkurat feira 22-årsdag.

I dag er dette nøyaktig eitt år sidan.

Jonas Andersen Sayed

I dag er det nøyaktig eitt år sidan Jonas Andersen Sayed overtok ordførarkjedet i Sokndal, berre 22 år gammal.

Nå håpar han jobben inspirerer andre unge til å ta på seg store politiske verv i ung alder.

– Det er kompetansen og den du er som bør styra. Det er heilt sikkert mange 20-åringar som ikkje hadde klart å ha denne rolla. Men det er mange 60-åringar òg som ikkje egnar seg som ordførar, seier 23-åringen.

Kutta lønna med 250.000 kroner

Det skapte overskrifter då den unge ordføraren kutta den solide årslønna på over 900.000 kroner i fjor haust.

Andersen Sayed foreslo sjølv å kutta lønna med 250.000 kroner i året og fekk dei andre lokalpolitikarane med på forslaget. Pengane skulle gå til andre føremål i kommunen.

Alise Lea Tiller

Redaktør i Dalane Tidene, Alise Lea Tiller, meiner Andersen Sayed er ein godt likt og fagleg sterk ordførar.

Foto: Dalane Tidende

På eittårsdagen som ordførar angrar han ikkje på lønnskuttet.

– Det er framleis veldig mykje pengar, så det er i alle fall ikkje synd på meg.

Redaktøren i lokalavisa Dalane Tidene trekkjer fram denne saka når ho skal summera opp det første året med den historisk unge ordføraren.

– Jonas er ein godt likt og fagleg sterk ordførar. Eg trur effekten av lønnskuttet er mest symbolsk, men det seier likevel noko om verdiane og prioriteringane som ordførar, seier redaktør Alise Lea Tiller.

Ordførerlønn

Denne teikninga stod på trykk i lokalavisa Dalane Tidene etter lønnskuttet til ordførar Jonas Andersen Sayed. Den er laga av Siv Grethe Bøhn-Pettersen i Dalane Tidende.

Ros på gata

Ros for innsatsen får også KrF-ordføraren på gata i kommunesenteret Hauge i Dalane.

– Han har vore kjempegod, men han er veldig ung. Det er sikkert tøft for han med konfliktane i kommunen, men eg synst han har takla det bra, seier Jorunn Fjermestad.

Konfliktane ho siktar til, er bråket på rådhuset i Sokndal. I haust har tre av fire kommunalsjefar sagt opp i protest mot leiarstilen til rådmannen.

Hovudpersonen sjølv innrømmer lett at livet i ordførarstolen byr på både opp- og nedturar.

– Det er nokre dagar ein føler seg som supermann og fiksar opp i alt. Andre dagar blir ein frustrert over at det er ting ein ikkje klarer å ordna opp i eller at ting tar så lang tid.

Lokalt er 23-åringen eit kjent ansikt, og han får derfor ikkje mange reaksjonar på alderen sin. Utføre kommunegrensene er det annleis.

– Anten så spør dei, eller så veit dei at eg er «han unge». Eg håpar at eg etter denne perioden ikkje blir hugsa som han unge ordføraren, men for det eg har gjort.

Jonas Andersen Sayed (KrF) er tidenes yngste ordfører i Norge.

ARKIV (26.10.2019): Sjå portrettet i Laurdagsrevyen med Jonas Andersen Sayed.