NRK Meny
Normal

Opnar for forhandlingar

Bøn frå brukarane og krav frå politikarane i ytre Ryfylke, gir resultat. Leiinga ved Universitetssjukehuset opnar nå for å endre avgjerda om å leggje ned åtte døgnpsykiatriplassar i Strand kommune.

Stavanger Universitetssjukehus, SUS, har foreslått å legge ned åtte døgnsengeplasser ved Ryfylke DPS på Jørpeland i Strand kommune og flytte dei til Randaberg. Psykiatripasient og leiar av Brukarrådet ved Ryfylke DPS, Dag Lieungh protesterer, saman med kommunestyra i tre kommunar. Leiinga ved SUS opnar nå for forhandlingar om kva som skal skje med Ryfylke DPS

VIDEO: Inger Kari Nerheim, direktør psykiatridivisjonen ved Universitetssjukehuset i Stavanger.

– Denne staden er ein god stad å ha det vondt på, seier Dag Lieungh frå Strand kommune i Rogaland.

Han snakkar om Ryfylke Distriktspsykiatriske senter, som har åtte døgnplassar i sentrum av Jørpeland. For nokre år sidan vart han lagt inn to gonger i året på denne staden. Nå går det noko betre.

Dag Lieungh er psykiatrisk pasient frå Strand

Dag Lieungh er psykiatrisk pasient frå Strand. Han er også leiar av Brukarrådet på Ryfylke DPS

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Det betyr berre det at eg får hjelp her, og blir akseptert for at eg faktisk treng hjelp, av og til, seier han.

Tung diagnose

Lieungh har diagnosen personlighetsforstyrrelse og er bipolar. Det siste betyr at han vekslar mellom ekstremt tungsinn og oppstemthet. Når dei tunge stundene melder seg, ser han ingen meining med livet, og må vera under observasjon for ikkje å risikere å ta sjølvmord. Til dagleg held han situasjonen under kontroll ved hjelp av medisinar.

– Eg har så mykje medisinar inne i meg, at når eg døyr så blir eg klassifisert som spesialavfall, sier Lieungh.

For lang reiseveg

Ryfylke Distriktspsykiatrisk senter i Strand kommune høyrer til under divisjonen for psykiatri ved Universitetssjukehuset i Stavanger. Det er derfrå det har kome signal om å legge ned døgnsengeposten og flytta den til Randaberg, som ligg på Nord-Jæren. For å koma dit må pasientane frå Ryfylke krysse fjorden med ferje.

– Nokre av oss, når me reiser over med ferja, så tenkjer me berre på kva moglegheit me har for å hoppa over bord. Kva moglegheit har eg til å gjera slutt på det heile, for det gjer så vondt. Nokre er så heldige at dei har med pårørande eller ein frå psykiatritenesta i Strand, men det er ikkje alle som er så heldige, fortel Lieungh.

Opnar for dialog

Dei første nedleggingssignala kom frå Universitetssjukehuset i Stavanger (SUS) i juli månad. I tida etterpå har psykatripasientar i ytre Ryfylke protestert, og etter ferien har også kommunestyra i Hjelmeland, Strand og Forsand, kome på banen for å hindre at sengeposten blir flytta. Nå vedgår leiinga ved SUS at forslaget kanskje ikkje var godt nok gjennomtenkt.

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Strand kommune

Ryfylke Distriktspsykiatriske senter i Strand kommune

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Det er verkeleg alvorleg meint, at me ønskjer å høyre kva dei som er uroa har å seie. Kanskje det er noko me ikkje har tenkt på, og kanskje må det forslaget me har, justerast slik at ikkje uroa blir så stor, seier direktør for psykiatridivisjonen på SUS, Inger Kari Nerheim.

Ho meiner at nedlegginga av sengeavdelinga i Strand skal føre til betre tilhøve for psykiatripasientane andre stader i fylket.

– Dei kan koma til oss på ein ettervernspoliklinikk, ein dagpost, kvar einaste dag. Dei kan få hjelp av eit ambulant team i helgene. Me skal styrka tilbodet vårt for psykiatrien i fylket, seier Nerheim.

Å vera nær heimen

Dag Liungh minner om kor viktig det er for han å få behandling i nærleiken av der han bur, slik at han slepp å bu langt vekke frå heimen.

– Viss eg er innlagt her, så kjem kona på besøk og har med hunden. Då kan me kanskje gå ein tur. Livet blir då meir normalt, enn å vera isolert på ein annan stad, langt vekke, seier Lieungh.