- Dersom vi skulle gjennomføre alle aksjonane som medlemmene har foreslått, ville ikkje den norske stat ha tjent ei krone på oljeproduksjon på fleire år. Det seier nestleiar i Norsk olje og petrokjemisk fagforbund, Frode Alfheim.
Tøffe lønskrav
- Ein treng ikkje om å vere synsk for å sjå at det kjem til å verte svært tøffe lønskrav til neste år, seier Alfheim.
Dersom dette forslaget vert ståande kan pengane som ligg inne i budsjettet i skatt forsvinne veldig fort i neste omgang, seier Alfheim.
Forstår oljearbeidarane
Talsmann for Arbeiderpartiet i energispørsmål, Tore Nordtun, er forsiktig, men seier han forstår oljearbeidarane. Nordtun har sjølv kjempa for at oljearbeidarane skulle unngå denne skatten medan partiet var i opposisjon.
- Våre finanspolitikarar arbeider med denne saka, seier Nordtun. Dei kjem til å arbeide fram til finansinnstillinga vert avgitt til helga.
Råkar ikkje oljeproduksjonen
Alt i ettermiddag går oljearbeidarane til ein tre timars politisk streik. Men det vert med markeringa. Det er ikkje planer om å råke oljeproduksjonen. Målet er at politikarane skal sjå at dei meiner alvor.