Fakta
Tyske aviser skjøner alvoret
Vi her i landet skjønar visst ikkje heilt alvoret når det gjeld Mette-Marit og forbrenninga etter det famøse fjernsynsintervjuet. Men i Tyskland gjer dei det. Der hadde dei venta så sårt på å få sjå henne, men så må ho sitja heime bak nedrulla gardiner og smørja seg med cortison-salve.
Kronprinsen blir visst godt nok mottatt av tyskarane, men det er Mette-Marit dei spør etter- ikkje minst i tyske aviser.
Kva tid kjem det barn?
Kjem ho også til å få arr på sjela? spør f.eksempel den store tabloidavisa Bild Zeitung i ei overskrift i dag. Kan legane greia å redda engle-andletet hennar? Og, spør avisa, finst det andre grunnar til at den komande dronninga har stengt seg inne? Det er eit faktum, slår Bild Zeitung fast, at kronprinsessa ikkje berre er hardt skadd, ho er også hardt råka psykisk. Ho er plaga av angst, redd for å omgås folk, redd for å mislykkast, redd for å fly og redd for ikkje å fylla den rolla ho har fått. Ho likar ikkje alt oppstyret og har vondt for å svelgja at nordmennene plent vil vita kva tid ho skal ha barn med Haakon.
Ei magisk lyskjelde
Men hyllest får ho i same bladet. Spaltisten med det velklingande namnet Franz Josef Wagner sparer ikkje på konfekten i omtalen av Mette-Marit. Ho er som eit strålande lys, ei slag menneskeleg sol, skriv han. Ho er det siste vakre mennesket i landet med dei blonde hårmankar og den kvite hud. Ho er ei magisk lyskjelde. Hjarteleg helsing Franz Josef Wagner.
Vansira for alltid?
Avisa Hamburger Abendblatt spør seg uroleg om Mette-Marit blir vansira for alltid etter forbrenninga. Og avisa kan fortelja lesarane at i verste fall kan det bli betennelse i såra, og då står det om livet.
Mykje å gle oss til
Det er ikkje småtteri, som vi forstår. Samanlikna med det tyskarane får vita, blir det heller puslete det vi les om Mette-Marits helsetilstand i norske aviser. Her får vi berre vita at såra gror, at det ikkje kjem til å bli synlege merke etter forbrenninga. Det store spørsmålet som opptar oss her i landet er om kronprinsessa blir frisk nok til å vinka frå slottsbalkongen 17. mai.
Det blir visst fælt for mange om ho ikkje gjer det. Vi får vona det beste og trøysta oss med at om ho må halda seg innandørs, så kan vi i det minste sjå fram til at i neste veke blir det bryllaup i Trondheim, og rett før det skal vi visst få servert bilete av ein lettkledd Ari Behn liggjande på eit norsk flagg i Se og Hør. Her er mykje å gle seg til.