Hopp til innhold

Nytt ransforsøk på Hundvåg

Natt til søndag skjedde eit nytt forsøk på overfallsran på Hundvåg i Stavanger. Politiet ser fleire likskapstrekk med to andre ran natt til laurdag.

Hundvåg kapell

Ransførsøket natt til søndag skjedde ved Hundvåg kapell på Hundvåg i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Ransforsøket natt til søndag skjer berre eitt døgn etter at to menn i 50-åra blei brutalt rana på øya, som er ein bydel nord i Stavanger. Ifølge politiet venta ranarane ei stund før dei slo til første gong.

Litt før klokka 03.30 natt til søndag ringer ein mann, født 1990, politiet og fortel at han nettopp var forsøkt rana i nærleiken av Hundvåg kapell.

Sparka ranaren i magen

Ifølge den fornærma sa ranaren at han ville ha lommeboka og mobiltelefonen.

– Mannen sparka ranaren i magen slik at han forsvann frå staden, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kurt Løklingholm.

– Ser politiet dette ransforsøket i samanheng med rana natt til i går?

– Det er nokre ting som er like. Tidspunktet er omtrent det same og staden er den same. Det er naturleg å ta dette med i etterforskinga og sjå om det er samanheng her.

Det er likevel ikkje alt som peikar i same retning, påpeikar operasjonsleiaren i politiet.

– I går var det fire gjerningsmenn, i natt var det berre ein. Det er ikkje alt som er heilt likt.

Ingen spor etter ranaren

Ranaren natt til søndag skal vera mørkhuda, lubben, ha lite hår og har på seg hettegenser og treningsbukse. Ifølge politiet er han eldre enn dei fire gjerningsmennene natt til laurdag.

– Saka blir etterforska i løpet av dagen, opplyser operasjonsleiar Løklingholm.

Ingen er så langt mistenkte eller arresterte i dei tre ulike sakene.

Hundvåg