Hopp til innhold

Politiet: Ranarane venta ei stund før dei slo til

Politiet trur gjerningsmennene som stod bak to brutale ran i Stavanger natt til laurdag, venta ei stund før dei slo til første gong. Framleis er ranarane på frifot.

Bybrua, Hundvåg

Det eine ranet skjedde på brua til Hundvåg, Bybrua.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Me jobbar på spreng for å finna dei som står bak dette og sjekkar liknande saker, opplyser jourhavande politijurist i Sør-Vest politidistrikt, Torbjørg Ristesund, til NRK laurdag kveld.

Det var natt til laurdag to menn i 50-åra blei brutalt rana på Hundvåg i Stavanger med berre 40 minuttars mellomrom. Politiet trur dei same gjerningsmennene står bak.

Første offer avhøyrd

Det første offeret, ein mann på 58 år, blei slått og sparka før ranarane stakk frå staden. Han blei fråstolen mobil og lommebok og blei innlagd på sjukehus.

Laurdag ettermiddag blei han utskriven. Tilstanden hans er ikkje kjent.

– Han er nå avhøyrd, opplyser Ristesund.

Ifølge politijuristen har gjerningsmennene følgd etter det første offeret ei stund, før dei slo til.

– Det er vanskeleg å seia kor lenge, men dei slo til då han nærma seg heimen sin.

Ikkje sikkert alle var mørke

I det neste ranet er det ein 55 år gammal mann som blir nedslått og fråstolen lommeboka. 55-åringen blei ikkje så alvorleg skadd at han blei sendt til sjukehus. Laurdag kveld er han framleis ikkje avhøyrd.

Politiet har tidlegare sagt at dei leitar etter fire mørkhuda menn som truleg står bak dei to rana. Ristesund seier laurdag kveld det ikkje er sikkert at alle fire er mørkhuda.

– I alle fall to var det, men det er uklart om alle fire var mørke i huda, opplyser ho.

– Var det nokon relasjon mellom dei to ofra?

– Nei, det skal ikkje vera nokon tilknyting mellom dei to. Der ser ut som det er tilfeldig at det har skjedd med desse to.

Ønsker tips

Politiet er svært interesserte i tips i saka og har henta videoopptak frå ein Esso-stasjon på Hundvåg. Dei sjekkar også om det er videoopptak frå andre plassar.

– Me er interesserte i opplysningar frå klokka 24 fredag kveld og utover natta, seier jourhavande politijurist Torbjørg Ristesund.