Hopp til innhold

Mann arrestert og sikta for ran av Esso-stasjon

Etter å ha leita gjennom heile natta, arresterte politiet i morgontimane ein mann for ranet av Esso-stasjonen på Tjensvoll i Stavanger.

Politiet på plass i Eiganesveien etter ran av Esso på Tjensvoll

Politiet på plass i Eiganesveien etter ran av Esso på Tjensvoll.

Foto: Ronny Hjertås

– Etterforskinga viste at me tidleg kunne gå etter ein namngitt person, seier politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Solhaug.

Det var i 22-tida i går kveld at Esso-stasjonen på Tjensvoll i Stavanger blei rana. Ein person truga til seg pengar med ein pistolliknande gjenstand.

Overvakingsbilete førte til at politiet kunne gå etter ein mistenkt. Dei leita gjennom heile natta, og klokka 09:30 i dag tidleg vart mannen arrestert i Stavanger-området.

– Me fekk opplysningar om kor han kunne vera, men eg kan ikkje gå nærmare inn på kor me fann han, seier Solhaug.

Fleire ran i Stavanger

Det har vore fleire ran i Stavanger den siste tida.

Førre helg blei to personar rana, og ein person forsøkt rana på Hundvåg. Medan ei 62 år gamal kvinne vart rana på Madla på tysdags kveld.

Ein person vart i går arrestert for ranet på Madla.

– Ingen samanheng

– No er det to personar som er tekne for to forskjellige ran. Men me ser ikkje ein samanheng mellom rana som har vore dei siste dagane, seier Solhaug.

Men når det er så mange ran på så kort tid, kan det vera snakk om ein smitteeffekt?

– Det har eg ingen grunn til å spekulera noko på. Me merkar oss også at det har vore ein veldig pågang av denne typen kriminalitet den siste tida, men årsaka kan me ikkje seia noko om, seier Solhaug.

Han legg til at etterforskinga av rana på Hundvåg føregår for fullt, der er førebels ingen arresterte for rana.