Hopp til innhold

Nytt gjødselregelverk – skjerpar spreiekrava i landbruket

Regjeringa har i dag sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Det kan bli dyrt og vanskeleg for bøndene, men bra for miljøet.

Nærbilde av møkker som spres utover et jorde med snødekte fjell i bakgrunnen.

Spreiing av gjødsel som dette, er ikkje så bra for miljøet. Det er mykje fosfor i gjødsel, og for mykje spreiing kan føre til algevekst.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me har kome fram til ei framtidsretta løysning med krav som legg til rette for god utnytting av gjødsla. Dette vil vere bra for økonomien i næringa, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) ifølge ei pressemelding.

Det har lenge vore knytt stor spenning til regjeringa sitt nye forslag til ei forskrift om gjødsling.

Denne forskrifta skal bestemme kor mykje gjødsel ein kan bruke på garden sin, og dermed kor mange dyr ein kan ha.

I dag er regelen slik at det kan vere 3,5 kilo fosfor per dekar.

NRK forklarer

Kva er fosfor?

Kva er fosfor?

Blir nytta til gjødsel

Fosfor er eit vesentleg næringsstoff for plantar, dyr og menneske, og finst difor i alle organisk avfallsprodukt.

Fosfor er ein viktig komponent i fleire typar gjødsel. For eksempel husdyrgjødsel, biogjødsel og kunstgjødsel. Fosfor blir utvunne gjennom gruvedrift. Men bruk av gjødselet som inneheld fosfor har òg negative konsekvensar for miljøet.

Miljødirektoratet har foreslått å kutte denne grensa til 2,1 kilo fosfor per dekar. Det ville ha fått store konsekvensar, spesielt for landbruket i Rogaland.

Om dette hadde blitt tilfelle, måtte bøndene i Rogaland ha vore nøydde til å nærmast halvere talet på dyr på garden.

Då måtte dei nemleg ha utvida spreieareala.

– Har vore ein uavklart situasjon

– Vi er veldig glad for at det kjem noko. Dette har vore ein uavklart situasjon kor mange har gått og venta på om dei kan investere, seier leder i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Og det er regelen for spreiemengda som er den endringa med størst konsekvens. Ifølge pressemeldinga bruker mange gardsbruk meir gjødsel enn det plantene treng.

I det nye regelverket vil regjeringa gå over frå eit minstekrav om spreieareal for husdyrgjødsel til ei fosforgrense som skal gjelde for alle gjødsellag.

Grensa er stramma inn til eit nivå som ligg nær det regjeringa meiner er eit typisk behov og opptak i avlingar.

– Det er mengda husdyrgjødsel som er styrande for kor mykje husdyr vi kan ha. Dersom dei hadde innskrenka meir enn dei de gjer nå, hadde det betydd ein drastisk reduksjon i husdyrtal i Rogaland, seier Hustoft.

Ståle Hustoft

Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft. Han seier det som er lagt fram, ikkje er så ille som frykta.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Et stigande fosfornivå i landbruket

Men han seier det er utfordrande for bønder det som kjem.

– Det vil føre til at vi må gjere tilpassingar på fôring og gjødsling og kanskje også transportere meir gjødsel til ledige område, seier bondelagsleiaren.

Men han meiner det altså kunne vore mykje verre.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier i pressemeldinga at dagens regelverk har ført til at fosfornivået har stige i store deler av jordbruksområda i Noreg.

– For mykje fosfor gir algevekst, og vi har ikkje nådd måla for vasskvalitet og vassmiljø. Det nye regelverket vil kunne stoppe denne negative utviklinga og bidra til at vi når vassmiljømåla på sikt, seier Bjelland Eriksen.

Nomare

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Han meiner det nye regelverket vil stoppe ei negativ utvikling med algevekst.

Foto: Tom Balgaard

Særleg rundt Oslofjorden er det mange som har venta lenge på ei ny forskrift. Fosfor og nitrogen som renn frå jorda og ut i elver og bekker, og til slutt i sjøen, er ei av hovudårsakene til miljøproblema i fjorden.

På Aust- og Sørlandet kjem 46 prosent av alt fosfor i vassdraga og sjøen frå landbruket, ifølgje Miljødirektoratet. Omtrent like stor andel av nitrogenet kjem frå same stad.

Stoffa er god næring for algar som lurv, som legg seg på tang og tare på sjøbotnen og bruker opp oksygenet i vatnet. Det kveler både plante- og dyrelivet i Oslofjorden.

Gunnar Sander, seniorforskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA), er nøgd med at forslaget til ny forskrift endeleg er sendt ut.

Det har vore ein langsam prosess i mange år, og det er jo bra å sjå at den no kjem, seier forskaren.

Trådalgen "lurv" legger seg oppå friske sjøplanter ved Nakkholmen i Oslofjorden.

Algen lurv stortrivast når det er fosfor og nitrogen i vatnet. Den er ein av årsakene til torskedøden i Oslofjorden.

Foto: NIVA

– Ikkje nødvendig

Bonde Håkon Varhaug i Rogaland meiner ikkje det er behov for ei ny gjødselforskrift.

– Det er ikkje nødvendig. Det kan få store konsekvensar dersom vi må redusere mykje på fosfor, seier han.

Varhaug seier det kan føre til at bønder må redusere antal dyr. Han frykta likevel enda strengare krav.

– Det som kjem nå i dag verkar ikkje å vere det verste vi kunne opplevd. Men det blir utfordrande å trappe ned, seier bonden.

Håkon Varhaug, leder Varhaug bondelag

Håkon Varhaug er bonde og leiar i Varhaug bondelag. I likskap med Hustoft frykta han strengare krav, men han ser likevel ikkje behovet for ei ny gjødselforskrift.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Store nasjonale forskjellar

Men det er store skilnader i avlingar. Både individuelt og geografisk. I Rogaland er avlingane høgare enn i resten av landet, og som følgje av dette går departementa inn for ei mindre innstramming i Rogaland enn resten av landet.

Rogaland vil altså få ei noko høgare fosforgrense i landbruket.

Samstundes er det berre 9 prosent av fosforet i vassdraga og sjøen i Rogaland som kjem frå landbruket, ifølgje Miljødirektoratet. Oppdrettsnæringa slepp ut nesten åtte gongar meir fosfor som landbruket

I landsdelane sør for Troms vil dei nye grensene krevje tilpassing hos eit stort tal føretak, og for å gi desse tid til å tilpasse seg, skal innstramminga skje trinnvis over åtte år.

– Det er ingen tvil om at dette vil ramme Rogaland spesielt hardt. Vi har valt å ta nokon geografiske omsyn, slik at det finst forskjellige regler rundt i landet. Det kan brukast meir gjødsel i Rogaland fordi plantene tar opp meir gjødsel der, seier Pollestad til NRK.

Geir Pollestad, Senterpartiet

Landbruks- og matminister Geir Pollestad seier det nye regelverket er ei framtidsretta løysning.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vidare seier han at regjeringa har som mål at jordbruket og matproduksjon skal auke – samtidig som vi får meir liv i elver og vassdrag.

Meiner åtte år er for lenge

Truls Gulowsen er leiar i Naturvernforbundet. Han seier at ei innstrammingsperiode på åtte år er alt for langt.

– Vi må stoppe overgjødsling. Det har vi ikkje åtte år på å fikse, seier han.

Han får støtte frå André Staalstrøm, seniorforskar ved NIVA.

– Det er lang tid, med tanke på at overgjødsling er et akutt problem mange stader, skriv Staalstrøm i ein e-post til NRK.

Gulowsen håpar likevel at den nye forskrifta vil ta Noreg nokre skritt i riktig retning.

– Det som er helt openbert er at det er ei kraftig overgjødsling av norske innsjøar, vassdrag og fjordar. Eg håper regjeringa har vore tøffe nok til å sette ei stram forskrift, seier han.

Truls Gulowsen

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Foto: Eivind Molde

Det nye framlegget inneber også tidlegare spreiefrist om hausten. Det betyr at fleire jordbruksføretak må utvide gjødsellageret for å ha nok plass til gjødsla fram til neste vår.

For å avlaste uforholdsmessig store konsekvensar, går departementa inn for ei moglegheit til å gje forlenge spreiefrist for føretak i Nord-Noreg og i høgareliggjande område, kor våren er sein og kort. Gardsbruk kan også søka om investeringsstøtte til lagerutbygging.