Hopp til innhold

Lance måtte bytte lader på grunn av apptrøbbel – men nå skal elbil­lading bli enklare

Frå laurdag må nye ladestasjonar tilby betaling med bank­kort. Det set Lance Tjessem og andre elbilistar stor pris på.

Lance Tjessem

LADEAPP TIL BRY: Lance Tjessem måtte endre ladeplanen då han ikkje fekk den første ladestasjonen han testa til å fungere.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Leverandørar av ladestasjonar har så langt stått fritt til å velje kva betalingsløysing dei vil bruke. I dag tilbyr dei fleste betaling via app, eller med brikke som berre fungerer på deira eigne ladestasjonar.

Elbilistar har dermed måtte ta omsyn til eit hav av ulike betalingsløysingar på ladestasjonane rundt omkring i landet.

Men frå 1. juli skal livet på vegen med elbil bli enklare. Då må alle nye ladestasjonar godta bankkort som betaling. Kravet er ein del av ladestrategien regjeringa la fram i desember 2022.

Lance Tjessem.

Lance Tjessem måtte bytte ladestasjon etter trøbbel med ladeappen.

Foto: Thomas Ystrøm

Elbileigar Lance Tjessem opplevde seinast i dag trøbbel med ein ladeapp han skulle bruke.

– Eg skulle eigentleg bruke ein anna ladestasjon rett her borte, men fekk ikkje den til å fungere. Så då hamna eg her. Denne appen hadde eg frå før, fortel han, og peiker på ladestasjonen han er i ferd med å bruke.

Han har tre ulike ladeappar på telefonen for ladestasjonane han brukar til vanleg.

– Men akkurat no er eg på tur, og i sånne tilfelle der eg ladar på tilfeldige stader er det utruleg greitt å kunne bruke kort.

Kjem EU i forkjøpet

– Me i Elbilforeningen har jobba for dette i fleire år, og er veldig glade for at det endeleg kjem. For det skal vere lett å betale for lading, akkurat som ein betaler for bensin eller diesel, seier generalsekretær Christina Bu.

Ladeapp. Elbilistar må forholde seg til mange forkjellige ladappar for å nytte landets ladestasjonar.

Ladeapp: Elbilistar må forholde seg til mange forkjellige ladappar for å nytte landets ladestasjonar.

Foto: Thomas Ystrøm

Etter kvart vil det også komme EU-krav om kortbetaling på alle ladestasjonar.

At Noreg har gjort det før det blir eit EU-krav synst me er bra, for me ligg lenger framme når det gjeld bruk av elbil enn andre land i Europa.

Førebels gjeld berre kravet for nye ladestasjonar. Men det føregår eit arbeid for å sjå på kva som skal skje med dei over 6500 ladarane som allereie eksisterer.

– Kravet gjeld ikkje for eldre ladarar som allereie finst, men Stortinget har gjort eit vedtak om å sjå på korleis me skal kunne gjennomføre det med tilbakeverkande kraft, fortel samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ladekaos er stress

Christopher Hipkiss og Katharine Cliffe har kopla bilen sin i hurtigladar utafor eit butikksenter. Dei synst det er stress å ta omsyn til alle ladeappane som finst.

– Dette er jo fantastiske nyheiter. Ein kan berre dra fram kortet og bli ferdig med det, seier Christopher.

– Heilt genialt, skyt Katharine inn.

Christopher Hipkiss og Katharine Cliffe

HEILT GENIALT: Katharine Cliffe og Christopher Hipkiss er positive til den nye regelendringa.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Men ikkje alle er positive til regelendringa. Elbileigar Erling Aaslid ser for eksempel ingen fordelar med det.

– Den ordninga eg har no er veldig grei. Der kan eg legge inn informasjonen min, og så får eg automatisk lade.

Sjølv om han har 5-6 forskjellige ladeappar på mobilen, og slit med å få ladinga til å fungere når NRK møter han, er han ikkje i tvil:

– Eg vil ikkje vere avhengig av å ha med meg kort!

Erling Aaslid

SKEPTISK: Erling Aaslid er ikkje overtydd om at kortbetaling er det beste betalingsverktøyet når han skal lade bilen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK