Hopp til innhold

Nye faste flyruter frå Haugesund til London

I vinter kan du igjen fly frå Haugesund lufthavn Karmøy til London kvar helg. Målet til reiseselskapet er heilårsrute til den britiske hovudstaden.

Haugesund Lufthavn Karmøy

Det blir to avgangar i veka frå flyplassen på Karmøy til Gatwick i London i vinter.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Etter at Ryanair la ned sitt rutetilbod frå Karmøy i fjor haust, har det haugalandske reiseselskapet Goto hatt fem flyturar til London. Det er gode erfaringar frå desse fem helgene som gjer at reiseselskapet nå satsar.

– Nå skal me fly kvar helg gjennom heile vinteren, noko som blir lettare for folk å forholda seg til. Det synst me er veldig kjekt, seier dagleg leiar i Goto, Odd Erik Salvesen.

Kan bli heilårsdrift

Det blir to avgangar i veka frå flyplassen på Karmøy til Gatwick i London, og tilbodet vil i første omgang gjelda frå 4. november til 24. mars neste år. Men dersom London-ruta slår an, kan det for bli heilårsdrift, ifølge Salvesen.

– Eg trur dette blir tatt godt imot fordi me har hatt London-ruter frå flyplassen i 12 år. Dersom folk bruker ruta, kan me fortsetja også inn i sommarsesongen slik at det blir heilårleg som før.

Ikkje bekymra for flyplassen

Salvesen er på ingen måte bekymra for å satsa på ein flyplass med usikre framtidsutsikter. I vår kjem Samferdsledepartementet med ei utgreiing som skisserer ulike driftsmodellar for framtida.

– Me ser moglegheiter med denne utgreiinga. Det vil vera moglegheiter til å utvikla seg, blant anna i saman med flyplassen på Sola.

– Er det snakk om å få til andre ruter òg?

– Absolutt. Dei andre rutene våre går bra, så her er det berre å prøva og treffa marknaden og utvida i fornuftig tempo, seier Odd Erik Salvesen.

Det er flyselskapet Small Planet som skal fly frå Karmøy til London for reiseselskapet Goto.