Hopp til innhold

Denne dørmatta sparer Aibel for opp mot 7000 «blåsokkar» kvar dag

Dei har laga berg av søppel og flaksa av garde der dei ikkje høyrer heime. Nå kan blåsokkane bli historie hos oljeserviceselskap.

Dørmatte Aibel

MATTE I STADEN FOR SOKKAR: Dørmatta skal fjerne smuss og skit frå sko, slik at blåsokkar ikkje er nødvendig. Det kan bety at nok eit plastprodukt kan erstattast av noko meir berekraftig.

Foto: Thomas Halleland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei blå overtrekka til sko, eller «blåsokkar», er eit kjent syn for mange. Du har kanskje brukt dei for å hente i barnehagen eller når du er i svømmehallen.

Blåsokkar er også vanleg på mange store arbeidsplassar. Men dei er eingongsprodukt laga av plast.

Hos oljeserviceselskapet Aibel i Haugesund testar dei ut ei ny dørmatte. Poenget med dørmatta er å sleppe å bruke blåsokkane.

– Eg synest det er fantastisk. Plast er ei utfordring for miljøet. Og nå klarer vi å fjerne store deler av dette, seier verftsdirektør Ole Sandvik ved Aibel.

Ole Sandvik

Verftsdirektør Ole Sandvik hos Aibel i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Selskapet har regna ut at dørmattene sparer dei for opp mot 7000 blåsokkar kvar einaste dag.

På heile testperioden på to år, kan dei spare mellom 2 og 3 millionar blåsokkar.

Dørmatta testast under arbeidet med plattforma P2 til Johan Sverdrup-feltet. Plattforma skal stå ferdig våren 2022.

– Kan flakse vekk

Blåsokkane har tatt mykje plass i søppelspanna. Men ikkje alle har hamna der.

– Sokkane kan flakse vekk i området her og for eksempel hamne i Karmsundet. Vi har ein mykje betre situasjon med desse mattene, seier Tor Arne Ulsund Hansen, HMS-leder for Johan Sverdrup.

Blåsokk hos Aibel

EIN SAGA BLÅTT: Blåsokkar hindrar skit og smuss innandørs, men er ikkje miljøvennlege. Dei kan snart vere historie hos Aibel.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Dørmatta gjer det dørmatter skal gjere: Den fjernar enkelt smuss og skit frå sko. Men denne er meir solid enn vanleg og toler mykje tråkking.

Og å gå over matta tar kortare tid enn å ta på seg blåsokkar.

– Eg kjem meg raskare inn og ut, seier automatikar Tommy Kvilhaugsvik i Aibel.

– Det er veldig bra at vi slepp å forsøple miljøet. Plast er ikkje bra, seier arbeidsleiar Thomas Espeland på Johan Sverdrup.

Mattene blir reingjort ein gong i veka.

Vil skrote blåsokkar heilt

Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender heier på tiltaket hos Aibel.

– Dette verkar som eit veldig bra tiltak for å redusera plastbruken og gjere kvardagen enklare for alle. Eg håper andre bedrifter får med seg dette og vil følge etter, seier politisk rådgjevar Johan Hermstad Reinertsen.

Han peikar på at Aibel står overfor fleire større utfordringar framover.

– Vi må bytte ut både blåsokkar og fossile energikjelder. Og til det treng vi både kreative bedrifter og handlekraftige politikarar, seier Reinertsen.

Leiinga ved verftet ser ikkje heilt at dei blå plastsokkane skal komme tilbake.

– Dette er noko vi vil ta vidare til resten av verftet. På sikt kan vi kanskje fjerne blåsokkane heilt, seier Sandvik.