Mannen tilhøyrer eit kriminelt belasta miljø.
Politiet hadde tysdag ikkje nok grunnlag til å sikta mannen, men i løpet av det siste døgeret har dei fått nok informasjon å ta ut sikting.
Etter det NRK veit er siktinga førebels hemmeleg, og mannen er ikkje pågripen.
Dermed er totalt åtte personar sikta for ranet - tre av dei er etterlyste.
- Politiet er inne i ein svært avgjerande etterforskingsfase no, og derfor held politiet korta svært tett til brystet, seier Politiinspektør Bjørn Andersen.