Hopp til innhold

Norwegian nekta Peter (24) heimreise til Noreg

Flyselskapet Norwegian har handheva innreiseforbodet til Noreg for strengt. Det har mellom anna fått konsekvensar for Peter Struthers, som bur og jobbar i Noreg.

Peter Struthers frå Skottland

Saman med kjærasten sin Pauline Vik Vestly, har skotske Peter Struthers vore i barnedåp i Skottland. Dei skulle reisa heim tysdag denne veka, men nå aner dei ikkje kor lenge dei må bli verande.

Foto: Privat

– Det er ein kjip situasjon me har hamna i.

Pauline Vik Vestly (20) snakkar på ei dårleg telefonlinje frå ein gard i Lanark, mellom Edinburgh og Glasgow i Skottland.

Ho har valt å bli verande her saman med kjærasten sin, Peter Struthers (24), etter at han i går blei nekta å gå om bord i flyet som skulle ta dei heim til Noreg etter ein barnedåp.

Struthers har britisk pass, men han bur og jobbar i Vats i Rogaland.

Det har han gjort dei to siste åra.

Fekk ikkje gå om bord

Bakgrunnen for at han blei nekta er at regjeringa på måndag stengde norske flyplassar og hamner for utlendingar utan opphaldsløyve i Noreg, som eit tiltak mot smittespreiing av koronaviruset.

Denne lukkinga skal ikkje ramma personar som Struthers, men dei Norwegian-tilsette på flyplassen på Edinburgh hadde fått instruks om strenge dokumentasjonskrav til dei reisande.

Struthers fekk ikkje gå om bord på flyet, sjølv om han hadde britisk pass, han måtte også ha opphaldsløyvedokument frå Noreg.

Dette hadde han ikkje, fordi det aldri har vore nødvendig tidlegare, og ifølgje Utanriksdepartementet skulle det heller ikkje vera nødvendig nå.

– Mange EØS-borgarar som er busett i Noreg vil ikkje kunne dokumentera dette i ein hastesituasjon. Så lenge vedkomande kan dokumentera at han eller ho er EØS-borgar og hevdar å bu i Noreg, vil personen få koma inn i landet, seier kommunikasjonssjef i UD, Trude Måseide.

Presseansvarleg i Norwegian, Andreas Hjørnholm, skriv i ein e-post til NRK at dei jobbar på spreng for å halda seg oppdaterte på regelverket som til ei kvar tid gjeld.

– Me har den siste veka sett, at dei landa me opererer i, løpande har innført stadig strammare reisereglar, som har endra seg nærmast time for time, skriv han.

Fleire er ramma

Ifølgje kjærasteparet Pauline Vik Vestly og Peter Struthers var det om lag fem andre på det same flyet som også blei nekta av same grunn.

William Peer Berg

William Peer Berg blei nekta adgang på Norwegian sitt fly, men har nå kome seg heim til Oslo med hjelp av SAS. Han sit nå i karantene.

Foto: Lovisa Sofia Berg

Ein av desse var William Peer Berg, som har budd i Noreg heile livet sitt, men har svensk pass, sidan mora opphavleg er svensk. Han jobbar som IT-konsulent i eit norsk konsulentselskap, men har for tida permisjon for å ta ei doktorgrad ved Universitetet i Edinburgh.

– Eg viste fram mitt norske førarkort og bilete av postkassa mi. Ingenting nytta. Eg har heldigvis klart å koma meg heim via Sverige med hjelp av SAS. Dei stilte ikkje same krav til dokumentasjon, seier Berg til NRK.

NRK har også vore i kontakt med andre som har opplevd liknande situasjonar andre stader i verda.

– Nokon prøvde å ringa ambassaden, men dei kunne ikkje hjelpa. Me prøvde å ringa Norwegian, men der kom ikkje gjennom, seier Struthers.

Norwegian opplyser at dei ikkje har moglegheit til å sjekka opp i kor mange som har blitt ramma, då det er veldig travle tider som følgje av koronasituasjonen.

Andreas Hjørnholm er likevel trygg på at det skal ordna seg for dei som er ramma.

– Vi forstår sjølvsagt at dette er frustrerande for dei råka kundane, som ikkje fekk koma om bord på flyet. Eg er overtydd om at dersom dei tar kontakt med kundeservice, så vil dei kunne få hjelp med å finne best mogleg løysing på ein vanskeleg situation, seier han.

Han ber likevel om forståing for at det vil ta tid å koma gjennom.

Fly på Oslo lufthavn

Berre nordmenn og utlendingar med opphaldsløyve får koma inn i Noreg. Det herskar likevel tvil om kor strenge dokumentasjonskrava skal vera.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Veit ikkje kor lenge dei må bli

Enn så lenge har ikkje Pauline og Peter lukkast med dette. Derfor aner dei ikkje kor lenge dei må bli på garden til familien til Peter.

Dette skjer samstundes som regjeringa ber nordmenn om å koma heim.

Struthers sjølv skal starta i ny jobb i april, som han fryktar at han ikkje skal rekka heim til. Pauline Vik Vestly sit i kommunestyret i Tysvær og jobbar i butikk.

– Me veit ikkje heilt kva me forventar nå. Det blir bortkasta å bruke endå meir pengar på flybillettar sidan det same sikkert kjem til å skje igjen, seier Vik Vestly.

Då dei to reiste ut av Noreg, 5. mars, hadde det ennå ikkje kome råd frå regjeringa om å ikkje reisa på fritidsreise til utlandet.

Justisdepartementet jobbar nå med å klara opp i kva instruks som faktisk har gått ut til flyselskapa.

Wera Helstrøm i UD skriv følgjande til NRK:

– Me har vore opptatt av at retningslinjene ikkje skal vera til hinder for at EØS-borgarar og britar med jobb eller bustad i Noreg skal kunne reise inn i landet, særleg i ein situasjon der endringane har kome på kort varsel. Men me ønsker ikkje å kritisera Norwegian eller andre.