Hopp til innhold

Regjeringa hjelper til med å hente nordmenn heim

Regjeringa opprettar samarbeid med SAS, Norwegian og Widerøe for å hente heim nordmenn frå utlandet på grunn av koronakrisa.

Fly fra Norwegian og SAS på Arlanda i Stockholm 16. mars 2020

For å hjelpe nordmenn i utlandet heim, opprettar regjeringa samarbeid med Norwegian, SAS og Widerøe.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Det blir sett opp nye flyruter i mars for å hjelpe nordmenn i utlandet heim til Noreg. Regjeringa har inngått eit samarbeid med SAS, Norwegian og Widerøe for å få norske statsborgarar heim.

– Vi står i ein alvorleg og uføreseieleg situasjon. Det blir stadig vanskelegare for mange norske borgarar å komme seg heim fordi grenser og luftrom blir stengde, og unntakstilstand og restriksjonar blir innført i fleire og fleire land, skriv utanriksminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide oppmodar nordmenn på mellombels reise til å komme heim til Noreg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Regjeringa har formidla til dei tre flyselskapa at staten vil dekke dokumenterbare meirutgifter dette påfører flyselskapa. Selskapa skal halde flya i lufta til 31. mars for å få nordmenn heim.

– Det er ikkje nokon full oversikt over kor mange nordmenn det kan dreie seg om. Det vi har sagt er at vi startar i fyrste omgang dei næraste dagane med flygingar frå Spania og Marokko, fordi vi veit at det er område der vi har ein stor del nordmenn på reise som vil komme heim, seier utanriksministeren til NRK.

Regjeringa har dialog med selskapa om kva strekningar som er aktuelle.

– Vi jobbar med å få på plass fly frå enkelte andre destinasjonar, seier utanriksministeren vidare.

Bestiller på vanleg måte

Når regjeringa no sørgjer for at Norwegian, SAS og Widerøe held oppe enkelte av rutene sine, må passasjerane må kjøpe billettar på vanleg vis. Informasjon om kva ruter som vil vere operative blir tilgjengeleg på nettsidene til flyselskapa.

– Flyselskapa tek normal betaling og det er også gjennom flyselskapa du kan booke billettar på vanleg måte, seier Søreide.

Flyselskapa vil ta normal betaling frå dei reisande.

– Eg er takksam for det gode samarbeidet med flyselskapa. Det er dei som skal administrere dette, og personar som ynskjer å reise heim må ta direkte kontakt med flyselskapa, seier Søreide.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide

Samferdselsminister Knut Arild Hareide takkar flyselskapa for at dei er med å bidra til at nordmenn kan få reise heim.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Målet er at nordmenn på reise skal få komme heim.

– Vi ser særskilt på stader der det er mange nordmenn på reise. Eg vil få takke SAS, Norwegian og Widerøe og personalet deira som stiller opp til dugnad, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Hald deg oppdatert, få nyheitsbrev om koronaviruset.

Stor pågang

Norwegian melder at dei gradvis vil redusere tilbodet dei komande vekene, men dei står førebels i ein krevande situasjon fordi pågangen om dagen er stor frå nordmenn som vil heim.

Lasse Sandaker-Nielsen

Norwegian samarbeider med styresmaktene for å hjelpe nordmenn som vil heim, fortel Lasse Sandaker-Nielsen, informasjonsdirektør i selskapet.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Selskapet har sett opp fly frå Malaga, Alicante og Las Palmas i Spania, opplyser informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen.

– Vi jobbar løpande for å sjå om vi kan sette opp ekstrafly frå andre stader. Det er veldig stor pågang no og det er mange som vil heim. Mange av flygningane som ligg ute for sal er fulle, men vi oppfordrar folk som vil komme seg heim til å gå inn på nettsidene våre og prøve å finne ledige plassar, seier Sandaker-Nielsen.

Han opplyser at Norwegian jobbar tett med styresmaktene for å sjå på moglegheitene for å setje opp ekstraflygingar for å få nordmenn heim, der det er behov.

– No er vi i ein unntakssituasjon alle mann og pågangen er stor, difor jobbar vi no dag og natt for å sjå om det er mogleg for oss å setje opp ekstra flygingar, fortel han.

Oppfordrar nordmenn til å reise heim

Norske borgarar som er fast busett i Noreg, men på mellombels opphald i utlandet, blir oppmoda til å reise heim.

Utanriksdepartementet oppfordrar fastbuande til å følgje råd og rettleiing frå lokale styresmakter.

– Vi følgjer nøye med på situasjonen, og vurderer òg om det er andre tiltak som kan setjast i verk for å legge til rette for at norske borgarar kan komme seg heim. Dei nordiske kollegaene mine og eg er samde om å samarbeide tett for å hjelpe nordiske statsborgarar.

Regjeringa samarbeider også med EU for å sjå på fellesløysingar som kan hjelpe reisande i ekstraordinære situasjonar.

– Vi samarbeider òg med styresmaktene i mange andre land for å at flytrafikk kan haldast oppe, og å sikre landingsløyve og transitt, seier utanriksministeren.

Dei siste tre dagane har det operative senteret til Utanriksdepartementet mottatt over 5500 førespurnader frå nordmenn i utlandet. Senteret er no bemanna opp slik at reisande frå råd og rettleiing om korleis dei skal ta omsyn til den krevjande situasjonen.

På heimesidene til Utanriksdepartementet vert informasjon oppdatert kontinuerleg.

Les også: Etterlyser hjelp fra Utenriksdepartementet til å komme seg hjem til Norge

AKTUELT NÅ