Hopp til innhold

MC-president nektar for vald og kriminalitet

– Kva som skjer i Holland og andre land har ingenting med Norge å gjera. I Norge køyrer me motorsykkel og har det kjekt.

Satudarah Norge

Motorsykkelklubben Satudarah i Stavanger meiner dei har fått eit ufortent dårleg rykte.

Foto: Anders Fehn / NRK

24.04.2023: Vi gjør oppmerksom på at Ronny Kyllevik ikke lenger er president i Satudarah MC i Norway. Kyllevik opplyser at han i dag ikke er medlem i Satudarah eller har noen annen tilknytning til klubben.

I ein dokumentar på NRK får sjåarar innsyn i den internasjonale motorsykkelklubben Satudarah, som haustar overskrifter i Nederland, Spania, Tyskland og Indonesia grunna påstandar om kriminell aktivitet.

Satudarah i Norge med hovudsete i Stavanger har vore ein fullverdig klubb sidan 2014.

Bekymra for rekruttering

– Det som me vel kan seia er ein fellesnemnar er at dei aller fleste er straffedømde. Veldig mange for narkotika og vald, seier Bjørn Vidar Bollestad, leiar for organisert krim i Sør-Vest politidistrikt.

Bjørn Vidar Bollestad, leiar for organisert krim i Sør-Vest politidistrikt.

Bjørn Vidar Bollestad, leiar for organisert krim i Sør-Vest politidistrikt lover at politiet vil halde augo opne for uønskt aktivitet.

Foto: Anders Fehn / NRK

Politiet følger miljøet tett, og er bekymra for at MC-klubben skal rekruttera nye medlemmer.

Les også: Vil ha nulltoleranse for kriminelle MC-klubber

Feil framstilling meiner klubben

– Det stemmer ikkje, seier president og talsmann Ronny Kyllevik i Satudarah Norge om Bollestad si uttaling om straffedommar.

Me er vel rundt 30–40 medlemmar, og kan hende fem av dei er straffedømde, seier presidenten.

Politiet i Nederland meiner MC-klubben er ein kriminell klubb med lite fokus på motorsyklar. Men då NRK trefte fleire medlemmer i Stavanger tok dei kraftig avstand frå det nederlandsk politi hevdar.

– Kva som skjer i Holland og andre land, det har ingenting med Norge å gjera. I Norge køyrer me motorsykkel og har det kjekt, seier Kyllevik.

Meiner framstillinga er feil

– Eg ser jo at dei har klipt vekk 40 minutt av dokumentaren. Alt det gode er teke vekk, og dei viser berre det mest brutale, meiner presidenten.

Ronny Kyllevik, president og talsmann i Satudarah Norge.

Ronny Kyllevik, president og talsmann i Satudarah Norge meiner politi og publikum har lite å uroa seg for.

Foto: Anders Fehn / NRK

Klubben har i fleire år leita etter medlemslokale, men då Satudarah er ein såkalla 1%-klubb, har det vore vanskeleg. Men nå ser det ut til at dei har lukkast.

–Nå har me fleire stader i Stavanger og Sandnes, fortel presidenten.

Les også: Fryktar at MC-miljøet forgubbes

Les også: MC-klubb krev unnskyldning frå politiet

Politiet vil følga med

– Det er jo ikkje så ille her i Norge som me ser i Holland. Ikkje på langt nær. Men me har tidlegare sett at ting som skjer i utlandet kan også skje i Norge. Så det er absolutt grunn til å følga med, seier Bollestad.

MC-presidenten har forståing for bekymringa til politiet, men meiner den er grunnlaus.

– Nå er me i Norge og her er me ikkje interesserte i det styret me ser i utlandet. Me vil me ha det fint og roleg her, så dei har ingenting å bekymra seg for, avsluttar Kyllevik.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg