Hopp til innhold

Butikkane slit med å få inn nok regntøy

Den blautaste hausten i manns minne er godt i gang og mange lengtar etter sol og varme. Men det finst dei som gnir seg i hendene i takt med lågtrykka. Av desse finn me barn og regntøyforhandlarar.

Video Tik tak - det regner i dag.

Nokon storkosar seg når regnet står på som verst. (Foto: Bjørn Olav Skjæveland)

«Vi hopper i vand, vi triller i sand.» slik var det i Sigbjørn Obstfelder si tid, og slik er det også i dag.

Leverandørane tomme

Barnehageungar rullar seg i sand og vatn og stortrivst i regnveret som har hølja ned den siste tida.

– Ungane er i sitt rette element når det er vatn rundt dei seier, seier Bolette Helliesen ved Sandvedhaugen barnehage. Ho er omgitt av plaskande ungar med godt regntøy.

For regntøy og gummistøvlar er i desse dagar viktig. Det har nå blitt så vått at det ikkje finst ein veg utanom, noko som blir merka i butikkane.

– Me har seld kjempemykje, og me har prøvd å få tak i meir men dessverre er det tomt hos leverandøren nå, seier Anette Jensen i Inter Sport i Sandnes.

Regntøy som mote

Også dei som sel fottøy merkar at hausten har vore blaut.

– Me prøver så godt me kan med å ha fulle hyller i butikken, men det flyr ut raskare enn me klarar å få det på plass, seier Christine Lermo i Skoringen på Amfi Madla.

Regntøyet sin viktigaste funksjon, å halda regnet ute, er heller ikkje alt me ser etter i regntøy nå om dagen. Regntøy har blitt mote:

– Lange kåper er det som er mest inn hos kvinner nå, så lange at ein berre slepp å ha regnbukse, seier Jensen.

– Før i tida var det Viking sin vanlege støvel som var den einaste ein fekk tak i, men nå får ein alt mogleg. Frå løpemodellar til modellar med varmt for, seier støveleksperten.