Hopp til innhold

NAV snur - nå får Bjørn Eikeland pappapermisjon

Bjørn Eikeland frå Haugesund får nå ut pappapermisjonen som NAV først nekta han. Snuoperasjonen til NAV og praksisendring kan nå få konsekvensar for om lag 200 fedrar over heile landet.

Bjørn Eikeland får pappaperm

NØGD PAPPA: Bjørn Eikeland er glad for at han kan få meir tid saman med dottera på eitt år.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Arve Kambe (H)

IKKJE NØGD: Stortingspolitikar frå Høgre Arve Kambe meiner at famileomsyn er for viktige til at ein svarfrist skal øydeleggja for pappapermisjonen.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Fleire fedrar har mista retten til ti vekers løna pappapermisjon fordi dei har søkt for seint. Ein av desse var Bjørn Eikeland frå Haugesund som har to døtrer, den yngste er eitt år gamal.

Fekk ikkje brev om tidsfrist

– Det kom veldig overraskande på meg. Eg blei litt sjokkert og gjekk litt ned i kjellaren, seier småbarnsfaren til NRK om då han fekk brev om avslag.

Årsaka til at Eikeland ikkje fekk søkt i tide var at NAV sende all informasjon om dette til mora til barnet.

Dermed tok han ulønt fri på jobben, men nekta å akseptera avslaget. Han klaga saka inn og nå har han fått gladmeldinga om at NAV gjer heilomvending, og vil endra praksisen sin.

– Eg har gått å venta på dette brevet lenge nå, eg er både letta og glad, seier Eikeland som feira det heile med marsipankake med påskrifta «Fedrekvote».

(Saka held fram under videoen)

Video NAV endrer praksis om fedrekvote

GLADMELDING: Bjørn Eikeland blei svært letta då dette brevet kom i posten. Nå kan han vera meir saman med sine to døtrer utan at det blir ei økonomisk påkjenning.

Opnar for nye saksbehandlingar

Dette er også ei gladmelding for andre fedrar som er i same situasjon. For nå opnar NAV for å behandla fedrekvotesakene der far ikkje har fått eige brev.

– Fedrekvoten kan i utgangspunktet bli tatt ut i barnets tre første leveår, dersom denne perioden ikkje er omme vil me kunna gjera ei ny vurdering i saker der me har gitt avslag, seier Ellen Christiansen som er avdelingsdirektør ved Arbeid- og velferdsdirektoratet.

NAV veit ikkje kor mange dette dreiar seg om, men reknar med at om lag 200 fedrar nå vil få sakene sine vurdert på nytt.

Sjølv om fedrar frå første november i fjor har fått eige brev er det mange som gløymer søknadsfristen og dermed mister heile eller delar av fedrekvoten.

(Saka held fram under bilete)

Familien Eikeland

KAKEFEIRING: Her feirer familien Eikeland at far får løna permisjon likevel. Med på feiringa er Arve Kambe.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Vil ta det opp med Lysebakken

Arve Kambe som er stortingsrepresentant frå Høgre meiner at dette ikkje er haldbart og vil ta saka opp for Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

– Det blir heilt feil å ta vekk ein rett fedrar har berre fordi dei gløymer ein frist, når dette trass alt handlar om ein periode på tre år. Eg trur endå til at Lysbakken vil forstå at dette er urimeleg.

Han legg vekt på at dette først og fremst handlar om familien og at NAV ikkje skal ta frå fedrar retten til pappapermisjon.