Hopp til innhold

Tok pappaperm- vart forbigått

Då mannen var i foreldrepermisjon fekk han ikkje tilbod om fast stilling då det vart ledig.

Brannbil

FEKK IKKJE TILBOD: Brannmannen i Florø fekk ikkje tilbod om jobb fordi han var i foreldrepermisjon.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Mannen var tilsette som reservekonstabel i brannvesenet i Florø. Men skal fleire gonger ikkje fått tilbod om faste stillingar på grunn av lang foreldrepermisjon, skriv aftenposten.no .

- Indirekte diskriminering

Sunniva Ørstavik

VIKTIG: Sunniva Ørstavik, likestillings- og diskrimineringsombod meiner saka til brannmannen i Florø er viktig.

Foto: Lien, Kyrre, Kyrre Lien / Scanpix

Likestillings- og diskrimineringsnemnda har vurdert saka og kome fram til at mannen var utsett for indirekte diskriminering, og at Flora kommune har brote likestillingslova.

- Det er ikkje lov å forskjelsbehandle folk når dei er i foreldrepermisjon, seier Sunniva Ørstavik, likestillings- og diskrimineringsombod til avis.

Brannmannen vart til sette som reservekonstabel i brannvesenet i Florø i 2006.

Fleire ledige jobbar

Etter regelverket skal ein reservekonstabel kunne rykkje opp til fastkonstabel, som betyr at ein få fast stilling i eit fast vaktlag, om nokon av dei faste konstablane sluttar i jobben.

I løpet av åra 2007 og 2008 var det fleire ledige stillingar som fastkonstabel, men mannen fekk ikkje tilbod om nokon av desse.

- Tapte erfaringa si

Mannen var i foreldrepermisjon i perioden oktober 2006 til juni 2007, og hadde dermed lengre permisjon enn fedrekvoten.

Arbeidsgjevaren til mannen argumenterte med at han hadde tapt erfaring, og mista viktig læring då han var i fedrepermisjonen sin.

Ørstavik meiner dette er ein prisipielt viktig sak.

Ombodet meiner saka er viktig

- Viss kommunen hadde sluppe unna med dette, så ville foreldrepermisjon alltid vore skadeleg for dine moglegheiter i arbeidslivet. Slik kan vi ikkje ha det, seier Ørstavik til avisa.

Kva som skjer vidare i saka er enno ikkje kjendt. Han har ikkje bestemt seg for om han skal ta saka vidare til rettssystemet.

Mannen har enno ikkje teke stilling om han vil ta saka vidare i rettssystemet, men seier til Aftenposten at han ser på saka som ei viktig prinsippsak og at avgjerdsla i saka vil kunne hjelpe mange andre i same situasjon.