Hopp til innhold

Nå kan du hamna i konfliktrådet viss du «drit deg ut på fylla»

Politiet må kvar helg bruka tid på folk som urinerer offentleg, tar narkotika eller prøver seg med falsk legitimasjon. Ei lovendring har gitt konfliktrådet arbeidet med å få gjerningspersonane til å skjerpa seg.

Safari i lysløypa

Krimsaker der det ikkje er eit offer, men der det offentlege er skadelidande, kan nå hamna i konfliktrådet.

Foto: NRK

– I dag har me ei trafikksak, to urineringssaker og tre saker som går på falsk legitimasjon, fortel leiar i Haugaland og Sunnhordland Konfliktråd, Mona S. Snørteland til NRK.

Det er såkalla offerlause saker, som tidlegare berre blei behandling i konfliktrådet ved sjeldne høve når gjerningspersonen var under 18 år, som nå kan hamna i konfliktrådet, etter den nye konfliktrådslova.

Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland har sett i gang med å mekla i saker der det ikkje er offer, fortel leiar Mona S. Snørteland. Håpet er å setja ein stoppar for offentleg urinering, falsk legitimasjon og liknande saker som tar stor tid i arbeidet til politiet.

VIDEO: I dag har Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland mekla i fleire offerlause saker. Leiar Mona S. Snørteland har tru på at det er meir effektivt enn bøter.

– Skal læra av feilen

– Det er snakk om folk som har drite seg ut, og det er ofte alkohol med i bilete. Nå har me hatt samtalar med personane saman med politi og ein representant frå vaktselskapet, seier Snørteland.

Ola Johansen

Ola Johansen frå PSS Securitas deltok i fleire meklingar i Haugaland og Sunnhordland Konfliktråd i dag.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Offentleg urinering og falsk legitimasjon er mindre alvorlege lovbrot, som kan ta mykje av tida til politiet, og som kan få alvorlege konsekvensar for utelivsbransjen.

– Vi er oppteken av at den som gjer slike ugjerningar vert klar over konsekvensen, og delar det ed andre slik at dei ikkje gjer det samme, seier Ola Johansen, avdelingsleiar i PSS Securitas.

Heller samtalar enn bot

Snørteland har tru på at samtalar om dette fungerer betre enn bot.

– Ein av ungdommane i dag sa at han hadde lært mykje meir av dette enn om han skulle trykt inn eit beløp på ei bot og betalt den, seier ho.

Dersom ei slik sak hamnar i konfliktrådet vil også ugjerninga forsvinna frå rullebladet etter to år.

– Dette vil vera viktig for folk som har tenkt seg ut på reise. Dersom dei til dømes vil søka politiskulen, må dei framleis forventa at dei må gjera greie for kva som låg bak ei slik hending frå fortida, seier ho.