Hopp til innhold

Nå kan du gi karakter etter Preikestol-turen

Rekordmange gjekk til Preikestolen i juni. Nå kan fotturistane gi karakter for turen og seia frå om det er for mange folk i stien.

Preikestolen

Er turiststraumen til Preikestolen blitt for stor? Nå kan du seia din meining etter turen.

Foto: Paul Kleiven / NPK

– Eg gav karakteren fem! Eg er heilt høg etter denne turen, seier Sofie Bohart frå Danmark.

Ho har vore på sin første skikkelege fjelltur. Dei blei ein fleire dagars tur i Lysefjord-området i Rogaland, med Preikestolen som rosina i turpølsa.

– Frå Preikestolhytta til Preikestolen var det veldig mange folk. Men folk er flinke til å halda avstand og gi kvarandre plass, seier Bohart.

65.000 til Preikestolen i juni

Sofie Bohart

Sofie Bohart frå Danmark gir turen til Preikestolen karakter fem av fem.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Då NRK besøkte parkeringsområdet til Preikestolen fredag, var det godt med besøk alt klokka ni om morgonen.

Det viser også besøkstala for i sommar. Berre i juni besøkte nesten 65.000 personar fjellplatået 600 meter over Lysefjorden (sjå faktaboks).

Det var første månad Stiftelsen Preikestolen hadde i bruk sitt nye teljesystem som registrerer alle turgåarane.

Tala er over 40 prosent høgare enn overslaga frå juni 2018, og kan bety at årsbesøket er høgare enn 300.000.

Prekestolen i Rogaland er et populært turistmål i sommersesongen.

64.354 personar besøkte Preikestolen i juni, ifølge målingane til Stiftelsen Preikestolen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Vil finna rett mengde turistar

Stiftelsen Preikestolen er derfor svært spente på resultata frå gjesteundersøkinga som blei sett i drift frå slutten av denne veka.

På nettbrett kan besøkande til Preikestolen nå svara på om dei er fornøgde med turen på ein skala frå ein til fem. Blir svaret dårlegare enn fem, blir du spurt om kva du ikkje likte med turen.

– Me er veldig spente på kva folk synst om folkemengda. I dag jobbar me med å spreia trafikken og finna rett mengde folk i stien, seier dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold.

– Kva trur du turistane vil svara?

– Eg trur det blir forskjellar mellom nasjonane. Mange synst turen er heilt topp, så vil det vera ein del grupper som sikkert synst det er for mykje folk.

Helge Kjellevold

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold, demonstrerer den nye gjesteundersøkinga på Preikestol-parkeringa.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– For mange folk

Då NRK testa undersøkinga på tre tilfeldige turistar frå tre ulike nasjonar, blei det to femmarar og ein trear.

Julien Dasnoy frå Belgia gav Preikestol-turen karakter tre.

– Fordi eg synst det var for mange folk i starten. Me starta klokka sju og var ferdig etter to og ein halv time. Me møtte mykje folk på tilbaketuren også.

Helge Kjellevold i Stiftelsen Preikestolen er glad for både ris og ros.

– Anlegget og stien toler veldig mykje folk utan at det går ut over naturen, men det er opplevingane til folk me må finna ut av. Det er det som er viktig.

– Kva tankar har du nå om tolegrensene?

– Me trur rundt fem til seks tusen besøkande per dag er eit greitt tal.

Snittet for juni var 2.145 besøkande til Preikestolen kvar dag. På den travlasta dagen var besøkstalet 3.786.

Flere nyheter fra Rogaland