Hopp til innhold

Nå kan det bli ølservering på kamp

Norges Idrettsforbund (NIF) håper Stavanger-politikarane veit kva dei gjer, når dei i dag avgjer om Viking og Oilers skal få servera alkohol til publikum. – Avgjersla vil setja ein standard for heile landet, seier kommunikasjonssjef i NIF, Per Tøien.

Øl på fotballkamp

Norges Idrettsforbund fryktar at Viking skal få ja til servering av øl og vin til publikum på kampane.

Foto: Skibstad, Kent / Wigglesworth, Kirsty / NTB scanpix / AP

Kommunikasjonssjef i NIF, Per Tøien

Kommunikasjonssjef i NIF, Per Tøien, håper at politikarane seier nei til alkoholservering på idrettsarrangement.

Foto: Geir Owe Fredheim / NIF

I dag kan Viking Fotball og ishockeylaget Stavanger Oilers få ja til servering av øl og vin til alle vaksne publikummarar under kampane sine.

Dermed kan det bli slutt på at det berre er VIP-en som får alkohol.

  • Kva meiner du om alkoholservering på idrettsarrangement? Sei meininga di nedst i artikkelen ...

– Andre klubbar vil koma etter

Ifølgje Norges Idrettsforbund vil avgjersla som blir teken i formannskapet i Stavanger kommune i ettermiddag vera avgjerande for praksisen rundt alkoholservering til fotballkampar og andre idrettsarrangement i heile landet.

– Dersom Stavanger-politikarane tillèt alkoholservering, er me heilt sikre på at det ikkje går lang tid før idrettsarenaer i heile landet vil prøva å få på plass det same, seier kommunikasjonssjef i NIF, Per Tøien.

Og mykje ligg an til at det kan bli ja. Rådmannen si innstilling er nemleg positiv til servering. Dette liker ikkje Tøien.

– Me er i mot all kopling mellom alkohol og idrett, og er derfor i mot dette. Me håper at politikarane i Stavanger er klar over kor viktig avgjersle dei tar i dag, for dette vil heilt klart skapa presedens.

Laster Twitter-innhold

– Skapar ein annan atmosfære

I Stavanger har ein allereie gjort erfaringar med alkoholservering under kampane til elitelaget i ishockey, Stavanger Oilers. Klubben har nemleg hatt ei prøveordning, med servering før kamp, i pausen og etter kamp. Det er også denne type servering Viking nå har søkt om, men på permanent basis.

Alkoholserveringa skjer ved eigne barområde, og ikkje på sjølve tribunane.

Dagleg leiar i Stavanger Oilers, Kjetil Bøe, fortel at hockeyklubben berre har positive erfaringar etter dei fekk servera heile den vaksne fanskaren øl på fjorårets kampar.

Stavanger Oilers jubler for NM-gull

Stavanger Oilers feirar NM-gull med champagne i 2010.

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

– Det skaper ein heilt ny atmosfære. Tidlegare kom folk på kampane ein halv time før start, nå kjem dei halvannan time før kamp for å møtast i baren og ta ein prat, seier Bøe.

Han meiner at folk nå kjem til kampane edru, i staden for å sitja heime å drikka før dei kjem på kamp.

– Me har nå betre kontroll over kor mykje alkohol gjestane får i seg, seier han.

Trur på skjenke-ja

Høgrepolitikar og leiar av skjenkeutvalet i Stavanger, John Peter Hernes, trur fleirtalet kjem til å følgja rådmannen si innstilling om å gje idrettsarenaene skjenke-ja.

– Sist eg sjekka var det eit fleirtal på ja-sida med ein stemme, men me veit ingenting før me har stemt. Det er greitt å ta stilling til saka sidan me har utført ei prøveordning med Oilers, som me har hausta gode erfaringar frå. Eg ser ingenting problem med at me behandlar VIP-ar og andre publikummarar likt, seier Hernes.

– Kva tenker du om NIF sitt utspel?

– Dersom prinsippet om idrett og alkohol er så viktig for NIF burde dei byrja med seg sjølv. Då burde ikkje VIP-en på Ullevaal fått servering og det burde heller ikkje blitt servert alkohol under den TV-sende idrettsgallaen, seier Hernes.

Han er likevel samd med NIF om at saka truleg vil få presedens.

– For ei tid tilbake var det sterk motstand om servering til VIP-en, men dette er i dag heilt vanleg, og eg kjenner ikkje til at det har ført til store problem. Nå går me på mange måtar gjennom den same prosessen, berre det handlar om alle, seier han.

– Skal vera trygt for familiar og barn

Per Tøien seier at dei ikkje er tilhengjarar av VIP-serveringa, men at Stavanger nå senkar terskelen endå meir.

– Med eit positivt vedtak i Stavanger opnar dette for søknader frå andre idrettsarenaer, og då har me endra tribunekulturen i Norge slik at alkoholtilgangen er meir tilgjengeleg, seier han.

Dette er ei utvikling NIF ikkje vil ha, understrekar han.

– Eit idrettsarrangement skal vera mest mogleg fri for alkohol, for det skal vera mest mogleg trygt for familiar, barn og unge.

– Men dette skal ikkje skje på sjølve tribunen?

– Eg forstår at ein ikkje skal sitja på tribunen og drikka. Men eg vil heller snu på problemstillinga; kvifor skal alkohol bli meir tilgjengeleg på idrettsarrangement? Me ønskjer at opplevinga av ein kamp skal vera slik at ein ikkje treng ei øl før, under og etter kampen, avsluttar Tøien.

Formannskapsmøtet i Stavanger byrjar klokka 15.00 i dag.

Flere nyheter fra Rogaland