Hopp til innhold

Narve (59) fekk fire jobbtilbod på ein månad

For ni år sidan hadde ingen bruk for han. Saman med tusenvis andre måtte Narve Endresen (59) gå frå oljejobben sin. Nå har alt snudd. I desember fekk han fire jobbtilbod.

Narve Endresen med det skeive tårnet i Jåttåvågen i Stavanger i bakgrunnen

Nå jobbar Narve Endresen blant tusenvis av andre innan området olje og gass i Jåttåvågen i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var i 2014 han byrja å merka det. Selskapet han jobba i sleit med å tene pengar.

Det året han fylte 50, blei Narve Endresen oppsagt.

Han var utdanna ingeniør og økonom. Han hadde vore med på mange prosjekt og drive med digitalt utviklingsarbeid, men nå hadde ikkje firmaet fleire oppdrag.

I åra mellom 2014 og 2016 fekk han følge av om lag 10.000 andre som jobba innan olje og gass i stavangerområdet.

– At eg ikkje var åleine, var likevel ei mager trøyst, seier han i dag.

Han kjente det på kroppen, både fysisk og psykisk.

Ikkje var det lett å finne ny jobb heller, og dei han fekk varte kort tid.

Den store endringa skjedde i fjor.

– Litt etter litt opplevde eg at interessa for meg og bakgrunnen min auka, seier Endresen.

Og då han i desember var ferdig med eit prosjekt i eit transportselskap, så hadde han fire nye jobbtilbod på bordet.

– Det var ein skikkeleg opptur. Eg signerte for konsulentselskapet Bouvet den 22. desember 2022, og tok juleferie med eit smil om munnen, seier Endresen.

Det er fleire teikn på at oljehovudstaden er på veg mot ein ny aktivitetstopp.

NRK forklarer

Korleis kan ein sjå at Stavanger er på veg inn i ein ny oljeboom?

Korleis kan ein sjå at Stavanger er på veg inn i ein ny oljeboom?

Kva skjer med husprisane?

I 2022 steig bustadprisane i Stavanger med 3,7 prosent, ifølge Eigedom Noreg. Det er sterkare vekst enn i dei tre andre storbyane i landet.

Korleis kan ein sjå at Stavanger er på veg inn i ein ny oljeboom?

Det går godt for hotella

I hotellbransjen, der «blodet flaut i 2015», er hotella sprengfulle, romma dyrare og behovet for arbeidskraft stort.

Korleis kan ein sjå at Stavanger er på veg inn i ein ny oljeboom?

Leigeprisane auker kraftig

Det er dyrare å leige. I januar kosta ein 3-roms leilegheit i Stavanger i overkant av 14.000 kroner i månaden. Ein auke på 18 prosent frå månaden før.

Jobb i årevis

Klubbleiar på Rosenberg Worley, Erlend Nygård, har alltid jobba på verftet på Buøy i Stavanger.

Først tolv år som platearbeidar, deretter i fagforeininga.

Erlend Nygård, klubbleiar Rosenberg verft

Erlend Nygård, klubbleiar på Rosenberg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nå går han rundt med ei uvanleg kjensle.

Han slepp å vera uroa for arbeidsplassane.

Like ved hallen ligg produksjonsskipet Jotun i dokk. Det har Rosenberg renovert og oppjustert dei siste to åra, og ennå står det att arbeid.

I tillegg har dei fått ein milliardkontrakt på bygging av ein brønnmodul på Valhall-feltet sør i Nordsjøen. Det arbeidet byrjar etter planen til hausten.

Og brakkeleiren for innleigd arbeidskraft på verftet, med 1144 senger, er fylt opp.

– Me er i ein unik situasjon nå. Me har arbeid i alle fall ut 2025, seier klubbleiaren.

Stavanger og olja

Olje- og gassprisen har gitt store verdiar og mykje velstand til Stavanger-regionen. Men det kjem i periodar.

Sommaren 2014 var oljeprisen oppe i over 115 dollar fatet og prosjekta stod i kø.

Same hausten sokk oljeprisen som ein stein og Nord-Jæren var prega av oppseiingar og utflytting.

«Blodet renner i gatene», sa hotelleigar Petter Stordalen til VG om Stavanger då hotellgjestene forsvann i 2015.

Breiavatnet og Valbergtårnet med oljeinstallasjon i bakgrunnen

Aktiviteten innan energiområdet viser igjen i sentrum av Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Men nå, i starten på 2023, er det fleire tilsette i olje- og gass-bransjen i Rogaland enn då den siste bobla sprakk.

Tala frå Nav Rogaland viser om lag 29.000 personar på slutten av 2021. I 2013, då boomen var på det høgaste, var talet rundt 26.000.

Merethe Haftorsen, direktør Nav Rogaland

Merethe Prytz Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.

Foto: Nav Rogaland

Og det er ikkje teikn til oppbremsing heller. Oljeselskapa har etter tur presentert rekordstore overskott for året 2022.

Dette skuldast i stor grad krigen mellom Russland og Ukraina og kan fort endre seg.

Men ei politisk avgjerd i 2020 gjer det sannsynleg at aktiviteten held seg oppe i fleire år ennå.

Oljeskattepakken har gitt resultat

Då 2022 gjekk over til 2023, så hadde oljeselskapa levert inn 13 utbyggingsplanar (PUD-ar) i nye og gamle olje- og gassfelt.

Det var skattepakken, som blei innført i samband med pandemien i 2020, som gjorde mange nye prosjekt lønsame.

Unitech Zefyros i testområdet vest for Karmøy

Satsing på havvindmøller skal gjera energibransjen i Stavanger-området mindre avhengig av olje- og gass framover. Her frå vest for Karmøy.

Foto: Anders Bakken Hekland

Samla verdi er på over 300 milliardar kroner, og mykje av arbeidet kjem bedrifter i Stavanger-regionen til å utføre.

Det skjer noko nå

– Kundane fortel oss at det skjer eit skifte. Dei får ikkje tak i nok folk lokalt lengre, spesielt ikkje på ingeniørsida, seier Anders Lunde, dagleg leiar i Head Energy Consulting på Forus mellom Stavanger og Sandnes.

Anders Lunde, dagleg leiar Head Energy Consulting

Anders Lunde, dagleg leiar i Head Energy Consulting.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Han fortel at fleire av oljearbeidarane som flytta vekk frå Stavanger-regionen for å finne ny jobb, nå er tilbake.

– Dei kjem frå andre stader i Noreg, men også frå for eksempel India og Filippinane, seier Lunde.

Nå har også ingeniørselskapet byrja å tenkje på korleis dei skal få tak i dei nyutdanna i Stavanger-området.

Selskapa jaktar ung arbeidskraft

– Eg fekk sommarjobb alt i starten på november i fjor. Dei er stadig tidlegare ute etter å huka tak i oss, seier masterstudent ved Universitetet i Stavanger, Tobias Næss.

Tobias Næss, masterstudent UiS

Tobias Næss, masterstudent i teknisk samfunnssikkerheit, trong ikkje venta på å få svar då han spurde «oljå» om hjelp.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Han merkar også at oljeselskapa er på tilbodssida når det gjeld interesserte studentar.

Næss fortel at Aker BP stilte med ein av sine ekspertar då han spurde etter hjelp for å løyse ei oppgåve han hadde på universitetet.

– Det tok berre ei veke frå eg sende ein e-post og til møtet var gjennomført, seier Næss.

Banken tenkjer sitt

Kyrre Knudsen er sjeføkonom i Sparebank 1, SR-Bank. Han ser tydlege teikn på at olje- og gassnæringa set full fart på Stavanger-regionen, at området er inne i ein ny oljeboom.

Kyrre Knudsen, sjeføkonom Sparebank1 SR-Bank

Kyrre Knudsen, sjeføkonom i Sparebank 1, SR-Bank.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Me er jo der. Det gjeld både i år og i dei neste par åra, seier Knudsen.

Årsaka, ifølge Knudsen, er at Europa treng energi og tar imot alt Noreg kan produsere.

– I tillegg har nok næringa vore tilbakehaldne med investeringar nokre år, fordi dei trudde det grøne skiftet skulle ta vekk behovet for ein del olje og gass, seier han.

Ny boblesprekk?

Sjeføkonomen les også Nav sine tal, som viser at det er få ledige arbeidsfolk å finne. Spesielt blant ingeniørar.

– Og då stig lønene?

Ja, lønene innan olje- og gass hadde den største lønsveksten i distriktet i fjor, stadfestar Knudsen.

Men han er likevel optimist med tanke på å unngå ein ny ukontrollert løns- og kostnadsvekst.

– Det kan ikkje utelukkast, men det er mange i bransjen som hugsar det som skjedde sist gong, og som vil unngå at det skjer igjen, seier Knudsen.

– Men hjelper det noko, når bransjen er på jakt etter dei same ingeniørane? Det fungerte jo ikkje i 2010-2014?

Til forskjell frå sist gong gjer fornybar-bransjen seg gjeldande i Stavanger-regionen nå, slår sjeføkonomen fast.

Langlesing Advarte mot oljekrisen

Oseberg, Nordsjøen

Han reknar opp vindmøller på land og til havs, ladeteknologi for bilar og planar om batteri- og hydrogenfabrikkar.

Når næringslivet i regionen får fleire bein å stå på, vil heller ikkje opp- og nedturane i distriktet bli like bratte som då olje og gass var bortimot einerådande, trur sjeføkonomen.

Og til sist:

Det er trass i alt ikkje fullt så stor vekst i olje- og gassinvesteringane nå, som sist, seier Kyrre Knudsen.

Frå 2016 Forstå oljekrisa på tre minutt

Mann som jobbar i olja

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg