Hopp til innhold

Fulle hotell skrik etter folk

Etter to magre år er hotella sprengfulle, men det manglar folk til å ta seg av gjestane.

Arja Fladager

Det går i eitt for driftssjef Arja Fladager på Sola Strand hotell om dagen. Kontrasten til fjoråret er enorm.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– I går trur eg ikkje det var eitt ledig rom i Rogaland, då ringde telefonen nonstop, seier Arja Fladager, som er driftssjef på Sola Strand hotell.

Ho reier opp senger for harde livet. Kontrasten til pandemiåra er enorm. Talet på overnattingar har gått opp med over 225 prosent sidan same tid i fjor, syner tal frå SSB.

Samstundes er kvart hotellrom 24 prosent dyrare enn på same tid i fjor, syner tal P4-nyheitene har samla. I hovudstadsområdet er prisveksten på nesten 60 prosent.

– Folk stod på Flesland og Gardermoen og ringde: «Kan me komma?» Viss de skal komme, trur eg ikkje det er hotellrom til dykk, seier driftssjef Fladager.

Hotella renn altso over med gjestar, men skrik etter folk som kan ta seg av dei.

914 ledige stillingar

For bransjen manglar folk. På Nav sin eigen stillingsportal arbeidsplassen.no er det no 914 ledige stillingar innan reiseliv, hotell og overnatting.

– Her har vi kjøkkensjefen, konditor, soussjef ...

Hotelldirektør Tor Gunnar Solvang viser fram det travle kjøkkenet på Utstein Kloster hotell på Mosterøy utanfor Stavanger. Dei er 16 tilsette, men har fem ledige stillingar. Søknadsfrist? Snarast.

Tor Gunnar Solvang

Tor Gunnar Solvang, direktør, Utstein Kloster Hotell på Mosterøy utanfor Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

– I fjor var det ikkje ein einaste bil på parkeringsplassen her. Eg var åleine på jobb, alle var permitterte, seier Solvang.

Fleire ledige stillingar betyr også at talet arbeidsledige i bransjen er på veg ned.

– Vi har altså fått eit motsett problem enn under pandemien. Då var det mange arbeidsledige og få ledige stillingar. No er det veldig vanskeleg å få tak i mellom anna kokkar og servitørar, seier seniorrådgivar i NAV, Gustav Svane.

På 2019-nivå

Peter Wiederstrøm er hotellrådgjevar og samlar og analyserer mykje statistikk om bransjen. Han bekreftar det folket i bransjen følar.

Peter Wiederstrøm

Peter Wiederstrøm, rådgjevar i Wiederstrøm Hotel Consulting.

Foto: Wiederstrøm Hotel Consulting

– Hotellbransjen verker å ha kome att til normalen. Aktivitetane totalt sett er opp på 2019-nivå. Det viser tala, forklarer Wiederstrøm.

Han poengterer at det i tillegg er stor pågang frå selskap som har planar om nye hotell.

– Vi hjelper til i fleire prosjekt enn før pandemien. Det er tydeleg at ein igjen har fått trua på bransjen, seier han.