Styremedlem i Schancheholen velforeining, Skjalg Omdal meiner at kommuen ikkje gjer nok for å få ned støyproblema.
- Det er aldri ro i området, og spesielt i rushtida er det heilt forferdelig, seier styremedlem i Schancheholen beboerforening Geir Arild Johannessen.
Støymålingar som foreninga har gjort viser støy på over 70 decibel i dei verste områda, i snitt viser målingane 64-65 decibel. Maksimumsgrensa er på 55 decibel.
Dersom Ryfast-prosjektet blir realisert blir det meir støy. No vil Schancheholen velforening trekka Stavanger kommune for retten og få ei juridisk prøving av saka.
- Vi vil finna ut om kommunen bryt forureiningslova, seier Omdal.