Abel: – Kritikken er tøys og surmuling

Morten Abel meiner sjølv at han har fortent ein heiderspris. Og seier at kritikarane som kallar prisen for uforståeleg, skjemmer seg ut.

Morten Abel med Spellemanns hederspris

Morten Abel fekk heidersprisen under årets Spellemann, og det har fleire reagert på.

Foto: Erik Waage / NRK

– Kritikken går ikkje innpå meg. Eg synst berre det er surmuling, seier Morten Abel.

Det har skapt debatt at han vart tildelt ein heiderspris under årets Spellemannutdeling på laurdag.

Ein av dei som kritiserte tildelinga var VGs Thomas Talseth. Han kalla heidersprisen til Abel eit klapp på skuldra til gamle travarar som slit med karrieren, og skreiv i avisa:

«Jeg har ikke håndfast bevis for å si at hedersprisen Abel fikk er en del av et avtalt spill. Men jeg tillater meg å spekulere.»

Verdig vinnar

Sjølv meiner Morten Abel at han er ein verdig vinnar av prisen.

– Dette er ein pris for det eg har gjort sidan eg begynte min karriere. Og det er ikkje ubetydeleg kva slags nedslagskraft det har hatt på publikum, og heile musikkbransjen i Norge, seier Abel.

Han trur kritikarane blandar heidersprisen med prisen for årets Spellemann.

– Både Mods, September When, og Peltz, har vore til stor inspirasjon for veldig mange musikarar. Og det er det som betyr mest for meg, at så mange musikarar har blitt inspirert av det eg har gjort.

Som då Obama fekk fredsprisen

At han skulle få ein heiderspris no, hadde han likevel ikkje venta, for han ser på seg sjølv som ung endå.

– Det er litt som då Obama fekk fredsprisen. Prisen kom litt for plutseleg og litt for tidleg. Me vil jo framleis bevise, og me vil jo framleis imponere. Så det var veldig overraskande, seier Abel.

Men han er ein glad prisvinnar, og det er ikkje berre kritikarane som har meldt seg etter at prisen vart delt ut.

– Eg har fått veldig mange positive meldingar, eg trur folk blei glade over at eg fekk prisen, seie Abel.

Stavangers store sønn ble hedret på hjemmebane i Stavanger konserthus.